Miljøarbeidar Kantine - vikariat
Stend Vgs
- مكان العمل
- BERGEN، FANA، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 05/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Denne stillinga er knytt til miljøarbeid med elevar og praktisk arbeid med kantinedrift.
ArbeidsoppgåverPlanlegging og tilbereding av varme og kalde rettar saman med elevar
Medansvar for dagleg drift av kantina
Kundebehandling og servering
Oppfølging av rutinar innan hygiene, reinhald og mattryggleik
Utarbeiding av menyar og produktutvikling
Bestilling og mottak av varer
Lagerstyring og varekontroll
Prising av varer og oppdatering av kassesystem
Bidra til gode rutinar for økonomistyring i kantinedrifta
Rettleie og støtte elevar i arbeidstrening
Bidra til meistring, utvikling og inkludering hos elevane
Skape eit trygt, positivt og motiverande arbeidsmiljø
Samarbeid med kollegaerKvalifikasjonarErfaring frå miljøarbeid, arbeidstrening eller rettleiing av menneske
Ønskjeleg med fagbrev som kokk
Erfaring frå storkjøkken, kantine eller anna relevant matproduksjon
God kjennskap til mattryggleik og hygieneforskrifter
Erfaring med lagerstyring og innkjøp
Erfaring med kassesystem og prising av varer
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Grunnleggjande digitale ferdigheiterPersonlege eigenskaparDu er serviceinnstilt og positiv
Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
Du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
Du er tydeleg, inkluderande og omsorgsfull
Du har evne til å motivere og sjå mogleigheiter hos andre
Du liker eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonLars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287
ArbeidsstedFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5182873662
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 13.12.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.