Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Miljøarbeidar Kantine - vikariat

Stend Vgs

Arbeidssted
BERGEN, FANA, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Denne stillinga er knytt til miljøarbeid med elevar og praktisk arbeid med kantinedrift. ArbeidsoppgåverPlanlegging og tilbereding av varme og kalde rettar saman med elevar Medansvar for dagleg drift av kantina Kundebehandling og servering Oppfølging av rutinar innan hygiene, reinhald og mattryggleik  Utarbeiding av menyar og produktutvikling Bestilling og mottak av varer Lagerstyring og varekontroll Prising av varer og oppdatering av kassesystem Bidra til gode rutinar for økonomistyring i kantinedrifta Rettleie og støtte elevar i arbeidstrening Bidra til meistring, utvikling og inkludering hos elevane Skape eit trygt, positivt og motiverande arbeidsmiljø Samarbeid med kollegaerKvalifikasjonarErfaring frå miljøarbeid, arbeidstrening eller rettleiing av menneske Ønskjeleg med fagbrev som kokk Erfaring frå storkjøkken, kantine eller anna relevant matproduksjon God kjennskap til mattryggleik og hygieneforskrifter Erfaring med lagerstyring og innkjøp Erfaring med kassesystem og prising av varer Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggjande digitale ferdigheiterPersonlege eigenskaparDu er serviceinnstilt og positiv Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse Du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst Du er tydeleg, inkluderande og omsorgsfull Du har evne til å motivere og sjå mogleigheiter hos andre Du liker eit hektisk arbeidsmiljø Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø. Andre opplysningar: Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonLars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287 ArbeidsstedFanavegen 249 5244 Fana Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5182873662 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 13.12.2027 Søknadsfrist: 05.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.