شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar

Gulen kommune

مكان العمل
GULEN، DALSØYRA، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Om stillingane Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:  I inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.    I inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.  Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.  Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.  Me tilbyr Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt  Gode pensjons- og forsikringsordningar Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling  Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl. Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest  Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.