Sjukepleiar
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingane Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:
I inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.
I inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.
Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Me tilbyr
Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling
Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.