شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vernepleiar i Tilrettelagte tenester- 100% vikariat

Øystre Slidre kommune

مكان العمل
ØYSTRE SLIDRE، HEGGENES، INNLANDET
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
29‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Tilrettelagte tenester har ledig 100% vikariat som vernepleiar, med moglegheit for fast tilsetting Vi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov, og tenesta er aukande. Tenesta er inne i ein god prosess med endring og fagleg utvikling, og vi søkjer derfor deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Vi er med i innovasjonsprosjektet TØRN, og er med i eit nytt læringsnettverk spesielt retta inn mot denne type teneste. Vi går difor ei spennande tid i møte, med mål om å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarar og tilsette. Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, og du vil bli ein del av eit dyktig vernepleiar-team og eit godt fagmiljø. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og dedikerte tilsette, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Fagadministrativ tid er implementert i turnus.  Med andre ord er dette ei god muligheit til å vere med på ein spennande prosess!  Tilrettelagte Tenester har to avdelingar, Brennebakkin og Tingvangtoppen (barneavlastning). Vi har også oppdrag utanom avdelingane i varierande mengde. Vi søkjer primært deg som har utdanning og autorisasjon som vernepleiar. Søkjarar med annan relevant 3-årig utdanning og relevant erfaring kan bli vurdert. Vi ser fram til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverSystematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger Delta i aktuelle brukerretta møter Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer Utarbeide og følgje opp vedtak etter HOL kap 9 der det er aktuelt Utarbeiding av individuell plan, fungere som koordinator i ansvarsgrupper Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar  Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov Utarbeide og gjennomføre ulike tiltak Utarbeide og evaluere rutiner Medisinhandtering KvalifikasjonarFortrinnsvis utdanning og autorisasjon som vernepleiar Andre med relevant 3-årig helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid kan og søke Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Det er ein fordel med gode kunnskapar om systematisk målretta miljøterapeutisk arbeid Du må ha førarkort for bil Godkjent politiattest må leggjast fram før du startar Personlege eigenskaparDu må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus. Du må gjerne vere ein pådrivar for faglege diskusjoner og etisk refleksjon Evne til å jobbe sjølvstendig, ta initiativ og være løysningsorientert Vere fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner  Ha engasjement for målgruppa og like ansvar Vi legg vekt på personleg eignaheit Vi tilbyrStor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette som er motiverte for endring  Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll Moglegheit for tilpasning og fleksibilitet i stillinga for å imøtekomme din livssituasjon Konkurransedyktige vilkår Nødvendig opplæring og rettleiing God pensjonsordning i KLP KontaktinformasjonPer Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5204406152 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 29.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.