Vernepleiar i Tilrettelagte tenester- 100% vikariat
Øystre Slidre kommune
- Arbeidssted
- ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Tilrettelagte tenester har ledig 100% vikariat som vernepleiar, med moglegheit for fast tilsetting
Vi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov, og tenesta er aukande. Tenesta er inne i ein god prosess med endring og fagleg utvikling, og vi søkjer derfor deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Vi er med i innovasjonsprosjektet TØRN, og er med i eit nytt læringsnettverk spesielt retta inn mot denne type teneste. Vi går difor ei spennande tid i møte, med mål om å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarar og tilsette.
Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, og du vil bli ein del av eit dyktig vernepleiar-team og eit godt fagmiljø. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og dedikerte tilsette, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Fagadministrativ tid er implementert i turnus.
Med andre ord er dette ei god muligheit til å vere med på ein spennande prosess!
Tilrettelagte Tenester har to avdelingar, Brennebakkin og Tingvangtoppen (barneavlastning). Vi har også oppdrag utanom avdelingane i varierande mengde.
Vi søkjer primært deg som har utdanning og autorisasjon som vernepleiar. Søkjarar med annan relevant 3-årig utdanning og relevant erfaring kan bli vurdert.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverSystematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger
Delta i aktuelle brukerretta møter
Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer
Utarbeide og følgje opp vedtak etter HOL kap 9 der det er aktuelt
Utarbeiding av individuell plan, fungere som koordinator i ansvarsgrupper
Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar
Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
Utarbeide og gjennomføre ulike tiltak
Utarbeide og evaluere rutiner
Medisinhandtering
KvalifikasjonarFortrinnsvis utdanning og autorisasjon som vernepleiar
Andre med relevant 3-årig helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid kan og søke
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det er ein fordel med gode kunnskapar om systematisk målretta miljøterapeutisk arbeid
Du må ha førarkort for bil
Godkjent politiattest må leggjast fram før du startar
Personlege eigenskaparDu må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus. Du må gjerne vere ein pådrivar for faglege diskusjoner og etisk refleksjon
Evne til å jobbe sjølvstendig, ta initiativ og være løysningsorientert
Vere fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner
Ha engasjement for målgruppa og like ansvar
Vi legg vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyrStor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette som er motiverte for endring
Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll
Moglegheit for tilpasning og fleksibilitet i stillinga for å imøtekomme din livssituasjon
Konkurransedyktige vilkår
Nødvendig opplæring og rettleiing
God pensjonsordning i KLP
KontaktinformasjonPer Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5204406152
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 29.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.