Sjukepleier/vernepleier
Velferd, Kviteseid kommune
- مكان العمل
- KVITESEID، TELEMARK
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 24/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 4
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Kviteseid kommune søkjer etter engasjerte sjukepleiarar eller vernepleiarar til to faste 100 % stillingar og to faste 80 % stillingar.
Me står midt i ei spennande utvikling der samarbeidet mellom Kviteseid omsorgssenter og heimetenesta blir styrkt for å møte framtidas behov på ein best mogleg måte. Målet er å byggje eit enda sterkare fagmiljø på tvers av tenestene, der kompetanse, erfaring og ressursar blir delte til beste for pasientane.
Kviteseid kommune har allereie mange dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar med brei erfaring, høg fagleg kompetanse og eit sterkt engasjement for faget. No ønskjer me å byggje vidare på desse ressursane gjennom tettare samarbeid, felles fagleg utvikling og meir fleksibel bruk av kompetansen på tvers av tenestene. Slik kan me nytte fagkompetansen der behova er størst, styrkje kvaliteten i tenestene og sikre gode og heilskaplege pasientforløp.Som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss får du ein variert arbeidskvardag gjennom ei kombostilling som omfattar arbeid både ved Kviteseid omsorgssenter og i heimetenesta. Dette gir deg høve til å følgje pasientar gjennom ulike fasar av helsehjelpa og bruke breidda i den faglege kompetansen din.
I utviklinga av tenestene våre har me særleg fokus på å nytte rett kompetanse på rett stad. Målet er at sjukepleiarar og vernepleiarar i størst mogleg grad skal få bruke si fagkompetanse på pasientretta og sjukepleiarfaglege oppgåver. Du vil få arbeide med kliniske vurderingar, medisinsk oppfølging, prosedyrar, koordinering og fagleg oppfølging av pasientar, samtidig som me arbeider for gode arbeidsprosessar og ei berekraftig organisering av tenestene.
Me har nyleg etablert eiga korttidsavdeling og tilbyr ein variert arbeidskvardag innan rehabilitering, observasjon, behandling, palliasjon, demensomsorg og oppfølging av kroniske sjukdomar. Hjå oss får du moglegheit til å utvikle deg fagleg, påverke tenestene og bidra i eit miljø der samarbeid, kvalitet og nytenking står i sentrum.
ArbeidsoppgåverSjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette helseutfordringar i heimetenesta, korttidsavdeling og langtidsavdeling
Kliniske observasjonar, vurderingar, prosedyrar, medikamenthandtering og dokumentasjon
Oppfølging av pasientar innan rehabilitering, palliasjon, demensomsorg og kroniske sjukdomar som KOLS og diabetes
Koordinering av pasientforløp og tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar
Samhandling med pasientar og pårørande
Rettleiing av studentar, lærlingar og kollegaer
Bidra til kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og fagutvikling
Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
Kommunehelsetenesta
Korttids- eller rehabiliteringsavdeling
Demensomsorg
Palliasjon og lindrande behandling
Oppfølging av pasientar med KOLS og diabetes
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
Er fagleg engasjert, utviklingsorientert og oppteken av kvalitet
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
Er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å prioritere
Bidreg til eit positivt, inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø
Klarar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt når situasjonen krev det
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr80-100 % fast stilling
Kombostilling med arbeidsoppgåver både ved omsorgssenteret og i heimetenesta
Årsturnus med stor medverknad i eigen turnus
Langvakter kvar 4. helg som gir meir samanhengande fritid
Me arbeider aktivt med å utvikle attraktive turnusordningar og ser på moglegheita for langvakter også i vekedagane
Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på dag, kveld og helg
Faglege utfordringar i ei nyetablert korttidsavdeling
Fokus på sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar og rett kompetanse på rett stad
Moglegheit til å utvikle særskilt kompetanse innan demens, palliasjon, KOLS og diabetes
Moglegheit for funksjon som fagressurs
Aktiv deltaking i simulering, øving og ferdigheitstrening
Intern og ekstern undervisning
Kompetanseutvikling, faglege nettverk og mogleg støtte til relevant vidareutdanning
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humor
KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757
ArbeidsstadLundenvegen 30
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5207925274
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.