Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleier/vernepleier

Velferd, Kviteseid kommune

Arbeidssted
KVITESEID, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

Kviteseid kommune søkjer etter engasjerte sjukepleiarar eller vernepleiarar til to faste 100 % stillingar og to faste 80 % stillingar. Me står midt i ei spennande utvikling der samarbeidet mellom Kviteseid omsorgssenter og heimetenesta blir styrkt for å møte framtidas behov på ein best mogleg måte. Målet er å byggje eit enda sterkare fagmiljø på tvers av tenestene, der kompetanse, erfaring og ressursar blir delte til beste for pasientane. Kviteseid kommune har allereie mange dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar med brei erfaring, høg fagleg kompetanse og eit sterkt engasjement for faget. No ønskjer me å byggje vidare på desse ressursane gjennom tettare samarbeid, felles fagleg utvikling og meir fleksibel bruk av kompetansen på tvers av tenestene. Slik kan me nytte fagkompetansen der behova er størst, styrkje kvaliteten i tenestene og sikre gode og heilskaplege pasientforløp.Som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss får du ein variert arbeidskvardag gjennom ei kombostilling som omfattar arbeid både ved Kviteseid omsorgssenter og i heimetenesta. Dette gir deg høve til å følgje pasientar gjennom ulike fasar av helsehjelpa og bruke breidda i den faglege kompetansen din. I utviklinga av tenestene våre har me særleg fokus på å nytte rett kompetanse på rett stad. Målet er at sjukepleiarar og vernepleiarar i størst mogleg grad skal få bruke si fagkompetanse på pasientretta og sjukepleiarfaglege oppgåver. Du vil få arbeide med kliniske vurderingar, medisinsk oppfølging, prosedyrar, koordinering og fagleg oppfølging av pasientar, samtidig som me arbeider for gode arbeidsprosessar og ei berekraftig organisering av tenestene. Me har nyleg etablert eiga korttidsavdeling og tilbyr ein variert arbeidskvardag innan rehabilitering, observasjon, behandling, palliasjon, demensomsorg og oppfølging av kroniske sjukdomar. Hjå oss får du moglegheit til å utvikle deg fagleg, påverke tenestene og bidra i eit miljø der samarbeid, kvalitet og nytenking står i sentrum. ArbeidsoppgåverSjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette helseutfordringar i heimetenesta, korttidsavdeling og langtidsavdeling Kliniske observasjonar, vurderingar, prosedyrar, medikamenthandtering og dokumentasjon Oppfølging av pasientar innan rehabilitering, palliasjon, demensomsorg og kroniske sjukdomar som KOLS og diabetes Koordinering av pasientforløp og tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar Samhandling med pasientar og pårørande Rettleiing av studentar, lærlingar og kollegaer Bidra til kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og fagutvikling Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Det er ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område: Kommunehelsetenesta Korttids- eller rehabiliteringsavdeling Demensomsorg Palliasjon og lindrande behandling Oppfølging av pasientar med KOLS og diabetes Personlege eigenskapar  Me ser etter deg som:  Er fagleg engasjert, utviklingsorientert og oppteken av kvalitet Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta Er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å prioritere Bidreg til eit positivt, inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø Klarar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt når situasjonen krev det Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr80-100 % fast stilling Kombostilling med arbeidsoppgåver både ved omsorgssenteret og i heimetenesta Årsturnus med stor medverknad i eigen turnus Langvakter kvar 4. helg som gir meir samanhengande fritid Me arbeider aktivt med å utvikle attraktive turnusordningar og ser på moglegheita for langvakter også i vekedagane Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på dag, kveld og helg Faglege utfordringar i ei nyetablert korttidsavdeling Fokus på sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar og rett kompetanse på rett stad Moglegheit til å utvikle særskilt kompetanse innan demens, palliasjon, KOLS og diabetes Moglegheit for funksjon som fagressurs Aktiv deltaking i simulering, øving og ferdigheitstrening Intern og ekstern undervisning Kompetanseutvikling, faglege nettverk og mogleg støtte til relevant vidareutdanning Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humor KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757 ArbeidsstadLundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5207925274 Stillingsprosent: 100, 80% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.