شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Miljøarbeidar (tilkalling) i integreringstenesta – oppfølging av einslege mindreårige flyktningar

Øystre Slidre kommune

مكان العمل
ØYSTRE SLIDRE، HEGGENES، INNLANDET
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
18‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bidra til at unge flyktningar får ein trygg og god start i Øystre Slidre kommune? Kommunen skal for første gong busetje einslege mindreårige flyktningar, og vi søkjer no etter 1-3 engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og inkludering for ungdommane. Ungdommane skal bu i eit bufellesskap og vil i stor grad meistre kvardagen sjølve. Vi søkjer etter trygge og omsorgsfulle vaksne som kan vere gode støttespelarar i kvardagen, både i bufellesskapet og ute i lokalsamfunnet. Kommunen arbeider med å etablere eit tilbod for einslege mindreårige flyktningar. Busetjing er planlagt veke 46-47, men føreset at nødvendig bemanning er på plass. Oppstart for tilkallingsvikarane vil skje etter nærare avtale, truleg i november. Intervju er planlagt til torsdag 22.10.26.   ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere etter behov, men kan mellom anna omfatte: vere ein trygg vaksenperson og samtalepartnar køyre ungdommane til avtalar og fritidsaktivitetar planleggje, lage og ete middag saman med ungdommane motivere til og følgje opp reinhald og orden i bufellesskapet gje praktisk støtte og rettleiing i daglege gjeremål ved behov bidra til sosial inkludering og deltaking i lokalsamfunnet samarbeide med tilsette i integreringstenesta og andre relevante samarbeidspartnarar ved behov KvalifikasjonarVi ønskjer at du: har fullført vidaregåande opplæring har førarkort klasse B har god munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande omtrent nivå B1eller høgare Det er ein fordel om du: har erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar eller med miljøarbeid snakkar ukrainsk og/eller russisk har relevant utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: er trygg, omsorgsfull og relasjonsskapande har evne til å motivere og rettleie ungdom til å meistre kvardagen er sjølvstendig og tek ansvar er fleksibel og kan stille opp ved behov samarbeider godt med andre har forståing for kulturforskjellar og eit inkluderande menneskesyn Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyrmeiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet fleksibelt arbeid etter behov opplæring og rettleiing løn etter gjeldande avtaleverk gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP KontaktinformasjonNina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, +47 90114575 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5186309789 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 18.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.