Miljøarbeidar (tilkalling) i integreringstenesta – oppfølging av einslege mindreårige flyktningar
Øystre Slidre kommune
- Arbeidssted
- ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bidra til at unge flyktningar får ein trygg og god start i Øystre Slidre kommune?
Kommunen skal for første gong busetje einslege mindreårige flyktningar, og vi søkjer no etter 1-3 engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og inkludering for ungdommane.
Ungdommane skal bu i eit bufellesskap og vil i stor grad meistre kvardagen sjølve. Vi søkjer etter trygge og omsorgsfulle vaksne som kan vere gode støttespelarar i kvardagen, både i bufellesskapet og ute i lokalsamfunnet.
Kommunen arbeider med å etablere eit tilbod for einslege mindreårige flyktningar. Busetjing er planlagt veke 46-47, men føreset at nødvendig bemanning er på plass. Oppstart for tilkallingsvikarane vil skje etter nærare avtale, truleg i november.
Intervju er planlagt til torsdag 22.10.26.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere etter behov, men kan mellom anna omfatte:
vere ein trygg vaksenperson og samtalepartnar
køyre ungdommane til avtalar og fritidsaktivitetar
planleggje, lage og ete middag saman med ungdommane
motivere til og følgje opp reinhald og orden i bufellesskapet
gje praktisk støtte og rettleiing i daglege gjeremål ved behov
bidra til sosial inkludering og deltaking i lokalsamfunnet
samarbeide med tilsette i integreringstenesta og andre relevante samarbeidspartnarar ved behov
KvalifikasjonarVi ønskjer at du:
har fullført vidaregåande opplæring
har førarkort klasse B
har god munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande omtrent nivå B1eller høgare
Det er ein fordel om du:
har erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar eller med miljøarbeid
snakkar ukrainsk og/eller russisk
har relevant utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
er trygg, omsorgsfull og relasjonsskapande
har evne til å motivere og rettleie ungdom til å meistre kvardagen
er sjølvstendig og tek ansvar
er fleksibel og kan stille opp ved behov
samarbeider godt med andre
har forståing for kulturforskjellar og eit inkluderande menneskesyn
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyrmeiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet
fleksibelt arbeid etter behov
opplæring og rettleiing
løn etter gjeldande avtaleverk
gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
KontaktinformasjonNina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, +47 90114575
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5186309789
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.