Barnehagelærarar på Flatraket
Flatraket barnehage, Stad kommune
- مكان العمل
- STAD، FLATRAKET، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 06/12/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027.
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.
Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.
Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.
Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.
Alt dette kan du vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverArbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
Samarbeide med øvrige tilsette
Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar.
Personlege eigenskapardu har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
du har evne til å sjå det enkelte barnet
du har evne til å handtere ei større barnegruppe
du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
Godt og nært fagleg samarbeid
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.
KontaktinformasjonHelena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@Stad.kommune.no
ArbeidsStadFv618 220
6717 Flatraket
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5208435273
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
النص الأصلي للإعلان
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027.
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.
Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.
Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.
Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.
Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverArbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
Samarbeide med øvrige tilsette
Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar.
Personlege eigenskaparDu har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
Du har evne til å sjå det enkelte barnet
Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
Godt og nært fagleg samarbeid
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.
KontaktinformasjonHelena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no
ArbeidsstadFv618 220
6717 Flatraket
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5208435273
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.