Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Barnehagelærarar på Flatraket 

Flatraket barnehage, Stad kommune

Arbeidssted
STAD, FLATRAKET, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027.  Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre  som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.  Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.   Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette. Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt. Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.    Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.  Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus! Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverArbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeide med øvrige tilsette Rettleiingsansvar for øvrige tilsette KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar.  Personlege eigenskaparDu har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid  Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136. KontaktinformasjonHelena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no ArbeidsstadFv618 220 6717 Flatraket Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5208435273 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.