Helsesjukepleiar
Helsestasjonstenester, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge
- مكان العمل
- KLEPP، KLEPPE، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 14/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag?
Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Om arbeidsstaden
Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester.
Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging.
Om stillinga
Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver
Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging
Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar
Undervisning trinnvis og i grupper
Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering
Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar
KvalifikasjonarKvalifikasjonar:
Autorisasjon som helsesjukepleiar
Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Gyldig politiattest
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom
Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme
byggjer gode relasjonar og skaper tillit
Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid
Er fleksibel og løysingsorientert
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyrVi tilbyr:
Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag
Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Tett samarbeid i tverrfaglege team
Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
Løn etter gjeldande avtalar
KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283
ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5187914808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.