Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsesjukepleiar

Helsestasjonstenester, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge

Arbeidssted
KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
14. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag? Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging. Om stillinga Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar  Undervisning trinnvis og i grupper  Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering  Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar  KvalifikasjonarKvalifikasjonar: Autorisasjon som helsesjukepleiar Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig  God munnleg og skriftleg framstillingsevne  Gyldig politiattest  Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar Vi søkjer deg som:  Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme byggjer gode relasjonar og skaper tillit Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid Er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt.  Vi tilbyrVi tilbyr: Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Tett samarbeid i tverrfaglege team Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling Løn etter gjeldande avtalar  KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5187914808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.