Helgestilling i Heimetenesta
Osterøy kommune
- مكان العمل
- OSTERØY، LONEVÅG، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 12/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaHeimetenesta i Osterøy kommune har ledige helgestillingar frå november 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.
ArbeidsoppgåverOmsorg til menneske i deira eigen heim
Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Vi tilbyrEin meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
KvalifikasjonskravDet er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.
Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Krav om førarkort klasse B
Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.
Anna informasjonIntervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 20. oktober, og ein må ha moglegheit til å møte då.
Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
النص الأصلي للإعلان
Om stillingaHeimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå november 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.
ArbeidsoppgåverOmsorg til menneske i deira eigen heim
Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Vi tilbyrEin meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
KvalifikasjonskravDet er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.
Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Krav om førarkort klasse B
Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.
Anna informasjonIntervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 20. oktober, og ein må ha moglegheit til å møte då.
Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.