Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helgestilling i Heimetenesta

Osterøy kommune

Arbeidssted
OSTERØY, LONEVÅG, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Om stillingaHeimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå november 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande. ArbeidsoppgåverOmsorg til menneske i deira eigen heim  Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)  Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.  Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand  Samarbeid med pårørande  Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar  Vi tilbyrEin meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver  Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer  Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta KvalifikasjonskravDet er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.  Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre. Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk. Krav om førarkort klasse B Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.  Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.  Anna informasjonIntervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 20. oktober, og ein må ha moglegheit til å møte då. Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!  Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!  Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.