شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Leiar Klepp tverrfaglege team

Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT)

مكان العمل
KLEPP، KLEPPE، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
26‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med og vidareutvikle innsatsen for barn, unge og familiar i Klepp kommune? Ønskjer du å vere ein del av ei engasjert og framtidsretta leiargruppe innan oppvekstområdet? Motiverast du av tverrfagleg samarbeid og av å skape gode tenester for barn, unge og familiar? Då kan dette vere stillinga for deg. Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for tidleg innsats, samarbeid på tvers av fag og tenester, og for å finne gode løysingar saman med innbyggjarane. Me ønskjer oss ein leiar som ser moglegheiter, tek initiativ og tør å prøve nye vegar. Klepp tverrfaglege team (KTT) er ei sentral og godt etablert teneste i kommunen, og eit godt døme på korleis oppvekstreforma blir omsett til praksis. Teamet gir tverrfagleg oppfølging til barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira. Gjennom tett samarbeid med den einskilde, familien og relevante tenester arbeider KTT for å finne ressursar, meistringsstrategiar og gode løysingar som bidreg til ein trygg og god oppvekst i Klepp. KTT omfattar mellom anna kommunen sitt tilbod innan psykisk helse for barn og unge, og gjer foreldrerettleiing på lågterskel. Teamet har òg fleire andre oppgåver og ansvarsområde, tilpassa behova til barn, unge og familiar i kommunen. Tilsette med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse samarbeider tett med familiar, barnehagar, skular og andre tenester for å sikre rett hjelp til rett tid. Som leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenesta og i arbeidet med å styrkje samhandlinga mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen. Arbeidsoppgåver  Leia og vidareutvikla Klepp tverrfaglege team Personal-, fag- og økonomiansvar for eininga Sikre kvalitet, samordning og måloppnåing i arbeidet Leggja til rette for tverrfagleg samhandling internt og eksternt Bidra til utvikling av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn, unge og familiar Bidra til å finna løysningar på felles utfordringar i barnehagar, skular og fritid Bidra til å gje barn, ungdom og foreldre individuell oppfølging ut frå behov Delta i strategisk utviklingsarbeid innan oppvekstområdet Bygga gode rutinar og system internt Samarbeide tett med leiarar i helsestasjon, PPT, barnevern. fritid, kulturskule, barnehagar og skular, i tillegg til andre relevante tenester KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå, gjerne master Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar Erfaring frå utviklings- og endringsarbeid God kunnskap om offentlege tenester og tverrfagleg samhandling God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskaparMe ser etter deg som: Er ein tydeleg og samlande leiar Har evne til å skape tillit og gode relasjonar Er utviklingsorientert og ser moglegheiter Har god forståing for samhandling på tvers av fagområde Er strukturert og gjennomføringssterk Motiverer medarbeidarar og byggjer gode fagmiljø Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt Vi tilbyrEi spanande og meiningsfull leiarstilling Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene til barn, unge og familiar Dyktige medarbeidarar og godt tverrfagleg miljø Eit aktivt fagmiljø med fokus på utvikling og innovasjon Gode ordningar for kompetanseutvikling Systematisk leiaroppfølging og støtte Eir trygt leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av eininga Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP KontaktinformasjonGry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049 ArbeidsstadSolavegen 1 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5208863292 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.