Leiar Klepp tverrfaglege team
Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT)
- Arbeidssted
- KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 26. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og vidareutvikle innsatsen for barn, unge og familiar i Klepp kommune?
Ønskjer du å vere ein del av ei engasjert og framtidsretta leiargruppe innan oppvekstområdet? Motiverast du av tverrfagleg samarbeid og av å skape gode tenester for barn, unge og familiar? Då kan dette vere stillinga for deg.
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for tidleg innsats, samarbeid på tvers av fag og tenester, og for å finne gode løysingar saman med innbyggjarane. Me ønskjer oss ein leiar som ser moglegheiter, tek initiativ og tør å prøve nye vegar.
Klepp tverrfaglege team (KTT) er ei sentral og godt etablert teneste i kommunen, og eit godt døme på korleis oppvekstreforma blir omsett til praksis. Teamet gir tverrfagleg oppfølging til barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira. Gjennom tett samarbeid med den einskilde, familien og relevante tenester arbeider KTT for å finne ressursar, meistringsstrategiar og gode løysingar som bidreg til ein trygg og god oppvekst i Klepp.
KTT omfattar mellom anna kommunen sitt tilbod innan psykisk helse for barn og unge, og gjer foreldrerettleiing på lågterskel. Teamet har òg fleire andre oppgåver og ansvarsområde, tilpassa behova til barn, unge og familiar i kommunen. Tilsette med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse samarbeider tett med familiar, barnehagar, skular og andre tenester for å sikre rett hjelp til rett tid.
Som leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenesta og i arbeidet med å styrkje samhandlinga mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Leia og vidareutvikla Klepp tverrfaglege team
Personal-, fag- og økonomiansvar for eininga
Sikre kvalitet, samordning og måloppnåing i arbeidet
Leggja til rette for tverrfagleg samhandling internt og eksternt
Bidra til utvikling av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn, unge og familiar
Bidra til å finna løysningar på felles utfordringar i barnehagar, skular og fritid
Bidra til å gje barn, ungdom og foreldre individuell oppfølging ut frå behov
Delta i strategisk utviklingsarbeid innan oppvekstområdet
Bygga gode rutinar og system internt
Samarbeide tett med leiarar i helsestasjon, PPT, barnevern. fritid, kulturskule, barnehagar og skular, i tillegg til andre relevante tenester
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå, gjerne master
Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette
Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø
Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
Erfaring frå utviklings- og endringsarbeid
God kunnskap om offentlege tenester og tverrfagleg samhandling
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
Er ein tydeleg og samlande leiar
Har evne til å skape tillit og gode relasjonar
Er utviklingsorientert og ser moglegheiter
Har god forståing for samhandling på tvers av fagområde
Er strukturert og gjennomføringssterk
Motiverer medarbeidarar og byggjer gode fagmiljø
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Vi tilbyrEi spanande og meiningsfull leiarstilling
Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene til barn, unge og familiar
Dyktige medarbeidarar og godt tverrfagleg miljø
Eit aktivt fagmiljø med fokus på utvikling og innovasjon
Gode ordningar for kompetanseutvikling
Systematisk leiaroppfølging og støtte
Eir trygt leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av eininga
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
KontaktinformasjonGry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049
ArbeidsstadSolavegen 1
4351 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5208863292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.