Fagansvarleg løn - vikariat
Austevoll kommune
- مكان العمل
- AUSTEVOLL، STOREBØ، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 20/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om arbeidsstadenPersonal – og organisasjonsutvikling har ansvar for personaladministrasjon, løn, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, rekruttering, sjukefråvær, arbeidsrettslege tema, arbeidsgjevarpolitikk, drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar. Austevoll kommune har fokus på vidareutvikling og forbetring av rutinar og stillinga skal bidra til at vi driftar kommunen effektivt og utviklar kommunen som arbeidsgjevar til beste for både tilsette og innbyggjarane.
Om stillingaVi har ledig eit eittårig vikariat som fagansvarleg for løn frå snarast.
Stillinga ligg i eining for personal- og organisasjonsutvikling og rapporterer til personalsjefen.
Vi søker ein dyktig og utviklingsorientert fagansvarleg som vil vere med og utvikle framtidsretta løysingar for kommunen. Stillinga skal sikre fagleg forsvarleg og effektiv forvaltning av lønsprosessane i kommunen. Du får ansvar for kvalitetssikring, fagutvikling, etterleving av regelverk og koordinering innan lønsområdet. Rolla inneber fagleg ansvar innan lønsområdet og at du er rådgivar for leiarar og medarbeidarar i lønsfaglege spørsmål.
Arbeids- og ansvarsområde
sikre korrekt lønsutbetaling til tilsette og folkevalde til rett tid
forvalte og kvalitetssikre lønsprosessane og lønssystema i kommunen
sørge for at lønshandsaminga skjer i samsvar med lovverk, tariffavtalar og interne reglement
koordinere lønsarbeidet i kommunen og vere fagleiar for lønsmedarbeidarane
vere fagleg støtte for leiarar i spørsmål om løn
tolke og praktisere tariffavtalar, særavtalar og lønsføresegner
vere kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnarar, revisjon og offentlege styresmakter
kvalitetssikre rapportering til offentlege styresmakter
delta i lønsforhandlingar med fagleg støtte og dokumentasjon ved behov
utarbeide rutinar, retningslinjer og internkontroll innan lønsområdet
følge opp revisjonsmerknader og bidra i forbetringsarbeid
delta i utvikling og digitalisering av løns- og personalprosessar
gi opplæring og fagleg rettleiing til leiarar og medarbeidarar
ha fagansvar for HRM-systemet
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav
relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne masternivå
minimum tre års erfaring og kompetanse innan fagområdet
kjennskap til administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
kjennskap til lov- og avtaleverk
erfaring frå offentleg og kommunal forvaltning er ein fordel
god digital kompetanse
internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Personlege eigenskapar
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
imøtekommande, tillitvekkande og profesjonell
utviklingsorientert
tar initiativ og skaper framdrift
har stor arbeidskapasitet og fokus på kvalitet
arbeidar systematisk og strukturert
er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrMoglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø
Spanande utfordringar
Løn etter avtale og kvalifikasjonar
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons – og forsikringsordningar
Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.