Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fagansvarleg løn - vikariat

Austevoll kommune

Arbeidssted
AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om arbeidsstadenPersonal – og organisasjonsutvikling har ansvar for personaladministrasjon, løn, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, rekruttering,  sjukefråvær, arbeidsrettslege tema, arbeidsgjevarpolitikk, drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar. Austevoll kommune har fokus på vidareutvikling og forbetring av rutinar og stillinga skal bidra til at vi driftar kommunen effektivt og utviklar kommunen som arbeidsgjevar til beste for både tilsette og innbyggjarane. Om stillingaVi har ledig eit eittårig vikariat som fagansvarleg for løn frå snarast. Stillinga ligg i eining for personal- og organisasjonsutvikling og rapporterer til personalsjefen. Vi søker ein dyktig og utviklingsorientert fagansvarleg som vil vere med og utvikle framtidsretta løysingar for kommunen. Stillinga skal sikre fagleg forsvarleg og effektiv forvaltning av lønsprosessane i kommunen. Du får ansvar for kvalitetssikring, fagutvikling, etterleving av regelverk og koordinering innan lønsområdet. Rolla inneber fagleg ansvar innan lønsområdet og at du er rådgivar for leiarar og medarbeidarar i lønsfaglege spørsmål. Arbeids- og ansvarsområde sikre korrekt lønsutbetaling til tilsette og folkevalde til rett tid forvalte og kvalitetssikre lønsprosessane og lønssystema i kommunen sørge for at lønshandsaminga skjer i samsvar med lovverk, tariffavtalar og interne reglement koordinere lønsarbeidet i kommunen og vere fagleiar for lønsmedarbeidarane vere fagleg støtte for leiarar i spørsmål om løn tolke og praktisere tariffavtalar, særavtalar og lønsføresegner vere kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnarar, revisjon og offentlege styresmakter kvalitetssikre rapportering til offentlege styresmakter delta i lønsforhandlingar med fagleg støtte og dokumentasjon ved behov utarbeide rutinar, retningslinjer og internkontroll innan lønsområdet følge opp revisjonsmerknader og bidra i forbetringsarbeid delta i utvikling og digitalisering av løns- og personalprosessar gi opplæring og fagleg rettleiing til leiarar og medarbeidarar ha fagansvar for HRM-systemet KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne masternivå minimum tre års erfaring og kompetanse innan fagområdet kjennskap til administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse kjennskap til lov- og avtaleverk erfaring frå offentleg og kommunal forvaltning er ein fordel god digital kompetanse internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT Personlege eigenskapar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner imøtekommande, tillitvekkande og profesjonell utviklingsorientert tar initiativ og skaper framdrift har stor arbeidskapasitet og fokus på kvalitet arbeidar systematisk og strukturert er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyrMoglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø Spanande utfordringar Løn etter avtale og kvalifikasjonar Fleksibel arbeidstid Gode pensjons – og forsikringsordningar Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.