Senior avtaleforvaltar/avtaleforvaltar
Divisjon IKT & entreprise
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 01/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du bidra til at avtalane vi inngår gir verdi i praksis – for sjukehusa i Noreg, pasientane og samfunnet?
Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføre og forvalte anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi er kategoriorganiserte og inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, ikt og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.
Til divisjonen for ikt & entreprise ønskjer vi ein kollega til teamet vårt for avtale- og leverandøroppfølging innan kategoriane ikt og entreprise.
Stillinga høyrer til avdelinga som har ansvar for forvaltninga av porteføljen av kontraktar innan desse kategoriane.
Som avtaleforvaltar får du ansvar for å følgje opp ein portefølje av avtalar frå implementering og gjennom avtaleperioden. Du får også ansvar for å handtere førespurnader og saksbehandling i grensesnittet mellom kundane (sjukehusa) og leverandørane.
Som ein del av teamet vil du også bidra til å utvikle kategorikompetansen vår, og forbetre arbeidsproseSSAne, samtidig som du får gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit svært godt arbeidsmiljø.
Din kontorstad vil bli i Bergen eller Stavanger.
Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong!
Våre verdiar er:
nytenkjande
kunnskapsrik
engasjert
profesjonell
Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du kan identifisere deg med og jobbe etter desse verdiane.
ArbeidsoppgåverFølgje opp ein portefølje av komplekse avtalar med fokus på implementering av ikt- og byggjekontraktar, oppfølging i drift som til dømes endringar og avvik
Vere bindeledd mellom helseføretaka (kundane) og leverandørane og sikre effektiv saksbehandling
Halde oversikt over freistar, dokumentasjon og forpliktingar i avtale- og leverandørporteføljen
Samarbeide tett med kollegaer, behovseigarar og brukarar hos kundane - og med leverandørane
Delta med erfaringsoverføring i oppstart og gjennomføring i nye anskaffingar
Sørgje for ryddig og strukturert dokumentasjon i systema våre
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, ikt, bygg, jus)
Erfaring frå kundeservice og kontraktsforvaltning
Erfaring med ikt- og/eller byggjekontraktar som Statens Standardavtaler (SSA) og/eller Norsk Standard (ns)
Ønskjeleg med erfaring frå ikt- og/eller byggjeprosjekt
Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskaparForretningsforståing, ser moglegheiter og finn gode løysingar
Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda
Trivst med moderne prosessorientert og ikt-basert arbeidsflyt
Serviceinnstilt og med gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Ser heilskap, men har også eit skarpt blikk for detaljar og systematikk
Vi tilbyrEi viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng
Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag
Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer
Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Livsfaseorientert personalpolitikk
Moglegheit for trening i arbeidstida
Lønnsspenn for stillinga er 700 000 - 850 000.
Om rekrutteringsprosessen
Søkere som blir vurdert som mest kvalifiserte, blir innkalla til intervju. Vi nyttar vanlegvis arbeidspsykologiske testverktøy og har to intervjurundar i tillegg til sjekk av attestar og referansar.
Alle søkjarar får tilbakemelding på søknaden sin, uavhengig av utfallet. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg må du grunngi dette i søknaden. Du vil bli kontakta dersom ønsket ikkje blir innvilga, og får høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglova § 25.
KontaktinformasjonBjarte Wetteland, Avdelingsleder, +4792244229
ArbeidsstadInger Bang Lunds vei 4
5059 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykehusinnkjøp HF
Referansenr.: 5194050433
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Vil du bidra til at avtalane vi inngår gir verdi i praksis – for sjukehusa i Noreg, pasientane og samfunnet?
Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføre og forvalte anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi er kategoriorganiserte og inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.
Til divisjonen for IKT & entreprise ønskjer vi ein kollega til teamet vårt for avtale- og leverandøroppfølging innan kategoriane IKT og entreprise.
Stillinga høyrer til avdelinga som har ansvar for forvaltninga av porteføljen av kontraktar innan desse kategoriane.
Som avtaleforvaltar får du ansvar for å følgje opp ein portefølje av avtalar frå implementering og gjennom avtaleperioden. Du får også ansvar for å handtere førespurnader og saksbehandling i grensesnittet mellom kundane (sjukehusa) og leverandørane.
Som ein del av teamet vil du også bidra til å utvikle kategorikompetansen vår, og forbetre arbeidsprosessane, samtidig som du får gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit svært godt arbeidsmiljø.
Din kontorstad vil bli i Bergen eller Stavanger.
Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong!
Våre verdiar er:
nytenkjande
kunnskapsrik
engasjert
profesjonell
Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du kan identifisere deg med og jobbe etter desse verdiane.
ArbeidsoppgåverFølgje opp ein portefølje av komplekse avtalar med fokus på implementering av IKT- og byggjekontraktar, oppfølging i drift som til dømes endringar og avvik
Vere bindeledd mellom helseføretaka (kundane) og leverandørane og sikre effektiv saksbehandling
Halde oversikt over freistar, dokumentasjon og forpliktingar i avtale- og leverandørporteføljen
Samarbeide tett med kollegaer, behovseigarar og brukarar hos kundane - og med leverandørane
Delta med erfaringsoverføring i oppstart og gjennomføring i nye anskaffingar
Sørgje for ryddig og strukturert dokumentasjon i systema våre
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, IKT, bygg, jus)
Erfaring frå kundeservice og kontraktsforvaltning
Erfaring med IKT- og/eller byggjekontraktar som Statens Standardavtaler (SSA) og/eller Norsk Standard (NS)
Ønskjeleg med erfaring frå IKT- og/eller byggjeprosjekt
Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskaparForretningsforståing, ser moglegheiter og finn gode løysingar
Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda
Trivst med moderne prosessorientert og IKT-basert arbeidsflyt
Serviceinnstilt og med gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Ser heilskap, men har også eit skarpt blikk for detaljar og systematikk
Vi tilbyrEi viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng
Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag
Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer
Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Livsfaseorientert personalpolitikk
Moglegheit for trening i arbeidstida
Lønnsspenn for stillinga er 700 000 - 850 000.
Om rekrutteringsprosessen
Søkere som blir vurdert som mest kvalifiserte, blir innkalla til intervju. Vi nyttar vanlegvis arbeidspsykologiske testverktøy og har to intervjurundar i tillegg til sjekk av attestar og referansar.
Alle søkjarar får tilbakemelding på søknaden sin, uavhengig av utfallet. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg må du grunngi dette i søknaden. Du vil bli kontakta dersom ønsket ikkje blir innvilga, og får høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglova § 25.
KontaktinformasjonBjarte Wetteland, Avdelingsleder, +4792244229
ArbeidsstadInger Bang Lunds vei 4
5059 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykehusinnkjøp HF
Referansenr.: 5194050433
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.