Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Senior avtaleforvaltar/avtaleforvaltar

Divisjon IKT & entreprise

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bidra til at avtalane vi inngår gir verdi i praksis – for sjukehusa i Noreg, pasientane og samfunnet? Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføre og forvalte anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi er kategoriorganiserte og inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.   Til divisjonen for IKT & entreprise ønskjer vi ein kollega til teamet vårt for avtale- og leverandøroppfølging innan kategoriane IKT og entreprise. Stillinga høyrer til avdelinga som har ansvar for forvaltninga av porteføljen av kontraktar innan desse kategoriane. Som avtaleforvaltar får du ansvar for å følgje opp ein portefølje av avtalar frå implementering og gjennom avtaleperioden. Du får også ansvar for å handtere førespurnader og saksbehandling i grensesnittet mellom kundane (sjukehusa) og leverandørane. Som ein del av teamet vil du også bidra til å utvikle kategorikompetansen vår, og forbetre arbeidsprosessane, samtidig som du får gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit svært godt arbeidsmiljø. Din kontorstad vil bli i Bergen eller Stavanger. Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong!   Våre verdiar er: nytenkjande kunnskapsrik engasjert profesjonell Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du kan identifisere deg med og jobbe etter desse verdiane.   ArbeidsoppgåverFølgje opp ein portefølje av komplekse avtalar med fokus på implementering av IKT- og byggjekontraktar, oppfølging i drift som til dømes endringar og avvik Vere bindeledd mellom helseføretaka (kundane) og leverandørane og sikre effektiv saksbehandling Halde oversikt over freistar, dokumentasjon og forpliktingar i avtale- og leverandørporteføljen Samarbeide tett med kollegaer, behovseigarar og brukarar hos kundane - og med leverandørane Delta med erfaringsoverføring i oppstart og gjennomføring i nye anskaffingar Sørgje for ryddig og strukturert dokumentasjon i systema våre KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, IKT, bygg, jus) Erfaring frå kundeservice og kontraktsforvaltning Erfaring med IKT- og/eller byggjekontraktar som Statens Standardavtaler (SSA) og/eller Norsk Standard (NS) Ønskjeleg med erfaring frå IKT- og/eller byggjeprosjekt  Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav Personlege eigenskaparForretningsforståing, ser moglegheiter og finn gode løysingar Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda Trivst med moderne prosessorientert og IKT-basert arbeidsflyt Serviceinnstilt og med gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg Ser heilskap, men har også eit skarpt blikk for detaljar og systematikk Vi tilbyrEi viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid Gode pensjons- og forsikringsordningar Livsfaseorientert personalpolitikk Moglegheit for trening i arbeidstida Lønnsspenn for stillinga er 700 000 - 850 000. Om rekrutteringsprosessen Søkere som blir vurdert som mest kvalifiserte, blir innkalla til intervju. Vi nyttar vanlegvis arbeidspsykologiske testverktøy og har to intervjurundar i tillegg til sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknaden sin, uavhengig av utfallet. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg må du grunngi dette i søknaden. Du vil bli kontakta dersom ønsket ikkje blir innvilga, og får høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglova § 25. KontaktinformasjonBjarte Wetteland, Avdelingsleder, +4792244229 ArbeidsstadInger Bang Lunds vei 4 5059 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykehusinnkjøp HF Referansenr.: 5194050433 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.