شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Miljøarbeidar ved Sauda vidaregåande skule

Rogaland fylkeskommune

مكان العمل
SAUDA، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
10‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

ArbeidsoppgåverSauda vidaregåande skule har ledig inntil 40 % fast stilling som miljøarbeidar ved tilrettelagt avdeling frå 01.02.2027. Me søkjer etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra til det eksisterande gode faglege samarbeidet i teamet, og som vil medverke til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for både elevar og kollegaer. Arbeidsoppgåvene vil omfatte: lett stell og assistanse ved måltid tett samarbeid med lærarane ved avdelinga ledsaging under transport av elevar deltaking i samarbeidsmøter eventuell deltaking i pedagogiske eller miljøretta opplegg på andre arenaer Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:Fagbrev innan helsefag eller barne- og ungdomsfag Godkjent politiattest Førarkort klasse B God skriftlig og munnleg fremstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2 Relevant arbeidserfaring Om du finn skulen og stillingen interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka. Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg: Du maktar å setje grenser på ein omsorgsfull måte og skaper føreseielege rammer for elevane. Empatisk og tålmodig: Du har evne til å lytte, sjå behova til den enkelte og møte elevar med respekt og varme, sjølv i utfordrande situasjonar. Gode samarbeidsevner: Du kommuniserer godt og trivst med å jobbe tett i team saman med lærarar, andre miljøarbeidarar og eksterne instansar. Sjølvstendig og ansvarsbevisst: Sidan stillinga inneber oppgåver som transport og oppfølging på andre arenaer, må du kunne ta avgjerdsel og handle sjølvstendig. Fleksibel og løysingsorientert: Kvardagen i skulen kan endre seg raskt, og du må kunne snu deg om og ta i eit tak der det trengst. Humør og engasjement: Du bidreg positivt til det sosiale miljøet og tek med deg arbeidsglede inn i teamet. Me søkjer ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og leggje til rette for gode læringsprosessar for elevane. Kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Me tilbyrutfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap  høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø  ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet gode faglege utviklingsmoglegheiter  offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk Søknaden din bør innehalde:Søknadsbrev CV  Legg ved vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar. Ved utenlands utdanning legg ved godkjenning frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hkdir)
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.