Miljøarbeidar ved Sauda vidaregåande skule
Rogaland fylkeskommune
- Arbeidssted
- SAUDA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 10. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
ArbeidsoppgåverSauda vidaregåande skule har ledig inntil 40 % fast stilling som miljøarbeidar ved tilrettelagt avdeling frå 01.02.2027.
Me søkjer etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra til det eksisterande gode faglege samarbeidet i teamet, og som vil medverke til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for både elevar og kollegaer.
Arbeidsoppgåvene vil omfatte:
lett stell og assistanse ved måltid
tett samarbeid med lærarane ved avdelinga
ledsaging under transport av elevar
deltaking i samarbeidsmøter
eventuell deltaking i pedagogiske eller miljøretta opplegg på andre arenaer
Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:Fagbrev innan helsefag eller barne- og ungdomsfag
Godkjent politiattest
Førarkort klasse B
God skriftlig og munnleg fremstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2
Relevant arbeidserfaring
Om du finn skulen og stillingen interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.
Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg: Du maktar å setje grenser på ein omsorgsfull måte og skaper føreseielege rammer for elevane.
Empatisk og tålmodig: Du har evne til å lytte, sjå behova til den enkelte og møte elevar med respekt og varme, sjølv i utfordrande situasjonar.
Gode samarbeidsevner: Du kommuniserer godt og trivst med å jobbe tett i team saman med lærarar, andre miljøarbeidarar og eksterne instansar.
Sjølvstendig og ansvarsbevisst: Sidan stillinga inneber oppgåver som transport og oppfølging på andre arenaer, må du kunne ta avgjerdsel og handle sjølvstendig.
Fleksibel og løysingsorientert: Kvardagen i skulen kan endre seg raskt, og du må kunne snu deg om og ta i eit tak der det trengst.
Humør og engasjement: Du bidreg positivt til det sosiale miljøet og tek med deg arbeidsglede inn i teamet.
Me søkjer ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og leggje til rette for gode læringsprosessar for elevane. Kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Me tilbyrutfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
gode faglege utviklingsmoglegheiter
offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søknaden din bør innehalde:Søknadsbrev
CV
Legg ved vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar.
Ved utenlands utdanning legg ved godkjenning frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hkdir)
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.