Rådgjevar/seniorrådgjevar Dokumentasjonsforvaltning
Utlendingsnemnda (UNE)
- مكان العمل
- OSLO
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 02/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaUtlendingsnemnda (une) treng ein ny medarbeidar som skal jobba med samspelet mellom fag og system.
Stillinga er i dag plassert i Eining for prosess og informasjonsforvaltning som ligg under Avdeling for teknologi og digital utvikling. Avdelinga jobbar med utvikling og forvalting av fagsystema som blir nytta i UNEs sakshandsaming.
Du vil jobba i eit fellesskap med andre rådgjevar, som saman har eit overordna ansvar for å leggje til rette for god systemstøtte, gode prosessar og flyt i sakshandsaminga, både internt og på tvers i forvaltinga.
Mykje av arbeidet er knytt opp mot Websak med tilhøyrande modular, og dessutan UNEs andre systemportefølje som mellom anna inneheld applikasjonar for nemndlogistikk og praksis.
Vi ønskjer at alle som jobbar i une, identifiserer seg med verdiane våre: pålitelegheit, openheit og respekt.
ArbeidsoppgåverBidra i arbeid med å digitalisere og automatisere prosessar
Utvikling og vedlikehald av dokumentasjonsplan
Arbeid med kvalitetssikring og økt dokumentfangst
Delta i prosjektarbeid, både internt i une og tverretatleg i utlendingsforvaltinga
Arkivfagleg rådgjeving og rettleiing på prosess og system
Utarbeide og vedlikehalde rutinar og brukarrettleiingar
Opplæring og rettleiing av sakshandsamarar i bruk av WebSak og modular
2. linje brukarstøtte
Feilhåndtering og oppfølging mot leverandør
Delta i det andre arbeidet til seksjonen ved behov
KvalifikasjonskravDu må ha:
Relevant høgare utdanning innanfor arkiv og dokumentasjonsforvaltning, helst på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuell manglande formell utdanning.
God systemforståing
God kjennskap til relevant lovverk
God formidlingsevne
Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har erfaring med:
dokumentasjonsforvaltinga i offentlig sektor
WebSak Arkiv og WebSak Admin
prosess- og prosjektarbeid
arbeid med prosesskartlegging
testing av systemleveransar
planleggje og gjennomføre kurs og opplæring
Det er óg ein fordel å ha kjennskap til LEAN-metodikk.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
likar å jobba med menneske og samarbeider godt på tvers av faggrupper
evnar å jobba strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
har lyst til å bruke teknologi til å effektivisere prosessar
er effektiv og løysingsorientert og serviceinnstilt
viser forståing for ulike organisatoriske avdelingar, funksjonar og roller
er fleksibel og har god omstillingsevne
er dyktig på å handtere mange parallelle oppgåver
er god på å byggje relasjonar og dele kunnskap med andre
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyrJobb i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag
Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
Godt tilrettelagt arbeidsmiljø i lokale sentralt i Oslo
Mogelegheit for fleksibel arbeidsstad
Fleksitid og andre statlege velferdsordningar
Moglegheit for trening i arbeidstida
Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Lønnsvilkår: Stillinga er lønt som Rådgjevar/seniorrådgjevar (kr 600 000–800 000) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
une ser mangfald som ein styrkeVi treng medarbeidarar med ulik kompetanse og bakgrunn for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, alder eller «hol i CV-en». Vi ønskjer deg velkomen til oss, og vil leggje til rette for deg dersom du har behov for det.
KontaktpersonEiningsleiar Henning Syversen, tlf.: 92804115, e-post: hsy@une.no
seniorrådgjevar Cathrine Østensvig Dale, tlf.: 99162476, e-post: cdl@une.no
Søk stillingaSøknad skal sendast via Jobbnorge, som er vårt administrasjonssystem knytt til rekruttering.
Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggjast ved søknaden innan søknadsfristen. Vitnemål kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir.no). I så fall må dokumentasjon frå NOKUT eller HK-dir leggjast ved søknaden.
Søkjarar med funksjonsnedsetjing, «hol i CV-en» eller innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å krysse av i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
I samsvar med offentleglova kan namnet til søkjaren gjerast offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkomande vil i så fall bli varsla.
النص الأصلي للإعلان
Om stillingaUtlendingsnemnda (UNE) treng ein ny medarbeidar som skal jobba med samspelet mellom fag og system.
Stillinga er i dag plassert i Eining for prosess og informasjonsforvaltning som ligg under Avdeling for teknologi og digital utvikling. Avdelinga jobbar med utvikling og forvalting av fagsystema som blir nytta i UNEs sakshandsaming.
Du vil jobba i eit fellesskap med andre rådgjevar, som saman har eit overordna ansvar for å leggje til rette for god systemstøtte, gode prosessar og flyt i sakshandsaminga, både internt og på tvers i forvaltinga.
Mykje av arbeidet er knytt opp mot Websak med tilhøyrande modular, og dessutan UNEs andre systemportefølje som mellom anna inneheld applikasjonar for nemndlogistikk og praksis.
Vi ønskjer at alle som jobbar i UNE, identifiserer seg med verdiane våre: pålitelegheit, openheit og respekt.
ArbeidsoppgåverBidra i arbeid med å digitalisere og automatisere prosessar
Utvikling og vedlikehald av dokumentasjonsplan
Arbeid med kvalitetssikring og økt dokumentfangst
Delta i prosjektarbeid, både internt i UNE og tverretatleg i utlendingsforvaltinga
Arkivfagleg rådgjeving og rettleiing på prosess og system
Utarbeide og vedlikehalde rutinar og brukarrettleiingar
Opplæring og rettleiing av sakshandsamarar i bruk av WebSak og modular
2. linje brukarstøtte
Feilhåndtering og oppfølging mot leverandør
Delta i det andre arbeidet til seksjonen ved behov
KvalifikasjonskravDu må ha:
Relevant høgare utdanning innanfor arkiv og dokumentasjonsforvaltning, helst på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuell manglande formell utdanning.
God systemforståing
God kjennskap til relevant lovverk
God formidlingsevne
Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har erfaring med:
dokumentasjonsforvaltinga i offentlig sektor
WebSak Arkiv og WebSak Admin
prosess- og prosjektarbeid
arbeid med prosesskartlegging
testing av systemleveransar
planleggje og gjennomføre kurs og opplæring
Det er óg ein fordel å ha kjennskap til LEAN-metodikk.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
likar å jobba med menneske og samarbeider godt på tvers av faggrupper
evnar å jobba strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
har lyst til å bruke teknologi til å effektivisere prosessar
er effektiv og løysingsorientert og serviceinnstilt
viser forståing for ulike organisatoriske avdelingar, funksjonar og roller
er fleksibel og har god omstillingsevne
er dyktig på å handtere mange parallelle oppgåver
er god på å byggje relasjonar og dele kunnskap med andre
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyrJobb i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag
Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
Godt tilrettelagt arbeidsmiljø i lokale sentralt i Oslo
Mogelegheit for fleksibel arbeidsstad
Fleksitid og andre statlege velferdsordningar
Moglegheit for trening i arbeidstida
Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Lønnsvilkår: Stillinga er lønt som Rådgjevar/seniorrådgjevar (kr 600 000–800 000) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
UNE ser mangfald som ein styrkeVi treng medarbeidarar med ulik kompetanse og bakgrunn for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, alder eller «hol i CV-en». Vi ønskjer deg velkomen til oss, og vil leggje til rette for deg dersom du har behov for det.
KontaktpersonEiningsleiar Henning Syversen, tlf.: 92804115, e-post: hsy@une.no
seniorrådgjevar Cathrine Østensvig Dale, tlf.: 99162476, e-post: cdl@une.no
Søk stillingaSøknad skal sendast via Jobbnorge, som er vårt administrasjonssystem knytt til rekruttering.
Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggjast ved søknaden innan søknadsfristen. Vitnemål kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). I så fall må dokumentasjon frå NOKUT eller HK-dir leggjast ved søknaden.
Søkjarar med funksjonsnedsetjing, «hol i CV-en» eller innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å krysse av i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
I samsvar med offentleglova kan namnet til søkjaren gjerast offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkomande vil i så fall bli varsla.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.