Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar/seniorrådgjevar Dokumentasjonsforvaltning

Utlendingsnemnda (UNE)

Arbeidssted
OSLO
Publisert
Søknadsfrist
2. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaUtlendingsnemnda (UNE) treng ein ny medarbeidar som skal jobba med samspelet mellom fag og system. Stillinga er i dag plassert i Eining for prosess og informasjonsforvaltning som ligg under Avdeling for teknologi og digital utvikling. Avdelinga jobbar med utvikling og forvalting av fagsystema som blir nytta i UNEs sakshandsaming. Du vil jobba i eit fellesskap med andre rådgjevar, som saman har eit overordna ansvar for å leggje til rette for god systemstøtte, gode prosessar og flyt i sakshandsaminga, både internt og på tvers i forvaltinga. Mykje av arbeidet er knytt opp mot Websak med tilhøyrande modular, og dessutan UNEs andre systemportefølje som mellom anna inneheld applikasjonar for nemndlogistikk og praksis.  Vi ønskjer at alle som jobbar i UNE, identifiserer seg med verdiane våre: pålitelegheit, openheit og respekt. ArbeidsoppgåverBidra i arbeid med å digitalisere og automatisere prosessar  Utvikling og vedlikehald av dokumentasjonsplan Arbeid med kvalitetssikring og økt dokumentfangst Delta i prosjektarbeid, både internt i UNE og tverretatleg i utlendingsforvaltinga Arkivfagleg rådgjeving og rettleiing på prosess og system Utarbeide og vedlikehalde rutinar og brukarrettleiingar Opplæring og rettleiing av sakshandsamarar i bruk av WebSak og modular 2. linje brukarstøtte  Feilhåndtering og oppfølging mot leverandør Delta i det andre arbeidet til seksjonen ved behov   KvalifikasjonskravDu må ha: Relevant høgare utdanning innanfor arkiv og dokumentasjonsforvaltning, helst på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuell manglande formell utdanning. God systemforståing God kjennskap til relevant lovverk God formidlingsevne Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel om du har erfaring med: dokumentasjonsforvaltinga i offentlig sektor WebSak Arkiv og WebSak Admin prosess- og prosjektarbeid arbeid med prosesskartlegging testing av systemleveransar planleggje og gjennomføre kurs og opplæring Det er óg ein fordel å ha kjennskap til LEAN-metodikk. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: likar å jobba med menneske og samarbeider godt på tvers av faggrupper evnar å jobba strukturert, nøyaktig og sjølvstendig har lyst til å bruke teknologi til å effektivisere prosessar er effektiv og løysingsorientert og serviceinnstilt viser forståing for ulike organisatoriske avdelingar, funksjonar og roller er fleksibel og har god omstillingsevne er dyktig på å handtere mange parallelle oppgåver er god på å byggje relasjonar og dele kunnskap med andre Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyrJobb i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag Interessante og varierte arbeidsoppgåver Gode mogelegheiter for fagleg utvikling Godt tilrettelagt arbeidsmiljø i lokale sentralt i Oslo Mogelegheit for fleksibel arbeidsstad Fleksitid og andre statlege velferdsordningar Moglegheit for trening i arbeidstida Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse Lønnsvilkår: Stillinga er lønt som Rådgjevar/seniorrådgjevar (kr 600 000–800 000) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. UNE ser mangfald som ein styrkeVi treng medarbeidarar med ulik kompetanse og bakgrunn for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, alder eller «hol i CV-en». Vi ønskjer deg velkomen til oss, og vil leggje til rette for deg dersom du har behov for det. KontaktpersonEiningsleiar Henning Syversen, tlf.: 92804115, e-post: hsy@une.no seniorrådgjevar Cathrine Østensvig Dale, tlf.: 99162476, e-post: cdl@une.no Søk stillingaSøknad skal sendast via Jobbnorge, som er vårt administrasjonssystem knytt til rekruttering. Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggjast ved søknaden innan søknadsfristen. Vitnemål kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). I så fall må dokumentasjon frå NOKUT eller HK-dir leggjast ved søknaden. Søkjarar med funksjonsnedsetjing, «hol i CV-en» eller innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å krysse av i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine. I samsvar med offentleglova kan namnet til søkjaren gjerast offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkomande vil i så fall bli varsla.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.