شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
22‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du arbeide med avansert laboratorieteknologi i eit av Noregs største og mest spesialiserte massespektrometrimiljø? Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen har vi ledig ei fast stilling som kjemikar. Hos oss blir du ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø, med ei av dei største LC-ms-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Du vil arbeide med utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel. Stillinga gir deg ei sentral rolle i den daglege laboratoriedrifta, samtidig som du får gode moglegheiter til å delta i fagutvikling, metodeutvikling og forskingsaktivitet. Kven ser vi etter? Vi søkjer ein fagleg engasjert og nysgjerrig kjemikar med mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde. Vi ser etter deg som har interesse for avansert analysearbeid, trivst med tekniske og faglege utfordringar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av laboratorietilbodet vårt. Du treng ikkje ha erfaring frå sjukehuslaboratorium for å vere aktuell. Har du bakgrunn frå akademia, farmasøytisk industri, næringsmiddelindustri eller andre analytiske laboratorium, oppmodar vi deg til å søkje. Vi ønskjer å kome i kontakt med kandidatar som har eit godt analytisk fundament, evne til å arbeide sjølvstendig og motivasjon for å utvikle seg vidare saman med oss. Litt om oss: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS. Vi utfører eit breitt spekter av analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Verksemda vår omfattar omfattande rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189. Alle LC-ms/ms-metodane er utvikla av kjemikarar ved avdelinga. Dette gir unike moglegheiter til å påverke utvikling, validering og implementering av nye analysemetodar.  Seksjonane for hormonanalysar og lege- og rusmiddelanalysar har ein av dei største LC-ms-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Instrumentparken omfattar 16 LC-ms/ms-instrument, tre LC-QTOF-ms-instrument, eitt GC-FID-instrument og seks moderne robotar for prøvehandtering og prøveopparbeiding.  ArbeidsoppgåverUtvikle, validere, implementere og vidareutvikle analysemetodar Delta i dagleg laboratoriedrift, inkludert analysearbeid, datavurdering og rapportering Utarbeide prosedyrar, metodebeskrivingar og valideringsrapportar Bidra til drift, feilsøking og vedlikehald av instrumentering Bidra til kvalitetsarbeid, akkreditering og kontinuerleg forbetring Bidra til fagleg rådgiving, opplæring og kompetanseutvikling i avdelinga Delta i forskings- og utviklingsprosjekt Andre relevante oppgåver kan bli lagde til stillinga KvalifikasjonarMastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde Erfaring med LC-ms/ms og/eller LC-QTOF-ms   Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel  Gode it-kunnskapar God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar  Personlege eigenskaparEngasjert og initiativrik, med evne til å arbeide sjølvstendig Strukturert og nøyaktig, med god fagleg vurderingsevne Positiv, løysingsorientert og ansvarsmedviten  Gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Trivst med å lære frå deg og er god til å kommunisere Fagleg trygg, viser tillit og respekt, og verdset samarbeid og kunnskapsdeling Vi tilbyrEit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan analytisk kjemi, farmakologi og laboratoriemedisin Løn etter avtale Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (ia-bedrift) Dagstilling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonChralotte Brunstøl, Seksjonsleiar Hormonlaboratoriet, 55974381, charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.no Christina Ramsnes, Seksjonsleiar seksjon for lege- og rusmiddelanalysar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5203436220 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Vil du arbeide med avansert laboratorieteknologi i eit av Noregs største og mest spesialiserte massespektrometrimiljø? Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen har vi ledig ei fast stilling som kjemikar. Hos oss blir du ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø, med ei av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Du vil arbeide med utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel. Stillinga gir deg ei sentral rolle i den daglege laboratoriedrifta, samtidig som du får gode moglegheiter til å delta i fagutvikling, metodeutvikling og forskingsaktivitet. Kven ser vi etter? Vi søkjer ein fagleg engasjert og nysgjerrig kjemikar med mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde. Vi ser etter deg som har interesse for avansert analysearbeid, trivst med tekniske og faglege utfordringar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av laboratorietilbodet vårt. Du treng ikkje ha erfaring frå sjukehuslaboratorium for å vere aktuell. Har du bakgrunn frå akademia, farmasøytisk industri, næringsmiddelindustri eller andre analytiske laboratorium, oppmodar vi deg til å søkje. Vi ønskjer å kome i kontakt med kandidatar som har eit godt analytisk fundament, evne til å arbeide sjølvstendig og motivasjon for å utvikle seg vidare saman med oss. Litt om oss: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS. Vi utfører eit breitt spekter av analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Verksemda vår omfattar omfattande rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189. Alle LC-MS/MS-metodane er utvikla av kjemikarar ved avdelinga. Dette gir unike moglegheiter til å påverke utvikling, validering og implementering av nye analysemetodar.  Seksjonane for hormonanalysar og lege- og rusmiddelanalysar har ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Instrumentparken omfattar 16 LC-MS/MS-instrument, tre LC-QTOF-MS-instrument, eitt GC-FID-instrument og seks moderne robotar for prøvehandtering og prøveopparbeiding.  ArbeidsoppgåverUtvikle, validere, implementere og vidareutvikle analysemetodar Delta i dagleg laboratoriedrift, inkludert analysearbeid, datavurdering og rapportering Utarbeide prosedyrar, metodebeskrivingar og valideringsrapportar Bidra til drift, feilsøking og vedlikehald av instrumentering Bidra til kvalitetsarbeid, akkreditering og kontinuerleg forbetring Bidra til fagleg rådgiving, opplæring og kompetanseutvikling i avdelinga Delta i forskings- og utviklingsprosjekt Andre relevante oppgåver kan bli lagde til stillinga KvalifikasjonarMastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde Erfaring med LC-MS/MS og/eller LC-QTOF-MS   Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel  Gode IT-kunnskapar God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar  Personlege eigenskaparEngasjert og initiativrik, med evne til å arbeide sjølvstendig Strukturert og nøyaktig, med god fagleg vurderingsevne Positiv, løysingsorientert og ansvarsmedviten  Gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Trivst med å lære frå deg og er god til å kommunisere Fagleg trygg, viser tillit og respekt, og verdset samarbeid og kunnskapsdeling Vi tilbyrEit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan analytisk kjemi, farmakologi og laboratoriemedisin Løn etter avtale Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Dagstilling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonChralotte Brunstøl, Seksjonsleiar Hormonlaboratoriet, 55974381, charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.no Christina Ramsnes, Seksjonsleiar seksjon for lege- og rusmiddelanalysar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5203436220 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.