Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du arbeide med avansert laboratorieteknologi i eit av Noregs største og mest spesialiserte massespektrometrimiljø?
Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen har vi ledig ei fast stilling som kjemikar.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø, med ei av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Du vil arbeide med utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel. Stillinga gir deg ei sentral rolle i den daglege laboratoriedrifta, samtidig som du får gode moglegheiter til å delta i fagutvikling, metodeutvikling og forskingsaktivitet.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer ein fagleg engasjert og nysgjerrig kjemikar med mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde. Vi ser etter deg som har interesse for avansert analysearbeid, trivst med tekniske og faglege utfordringar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av laboratorietilbodet vårt.
Du treng ikkje ha erfaring frå sjukehuslaboratorium for å vere aktuell. Har du bakgrunn frå akademia, farmasøytisk industri, næringsmiddelindustri eller andre analytiske laboratorium, oppmodar vi deg til å søkje. Vi ønskjer å kome i kontakt med kandidatar som har eit godt analytisk fundament, evne til å arbeide sjølvstendig og motivasjon for å utvikle seg vidare saman med oss.
Litt om oss:
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.
Vi utfører eit breitt spekter av analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Verksemda vår omfattar omfattande rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Alle LC-MS/MS-metodane er utvikla av kjemikarar ved avdelinga. Dette gir unike moglegheiter til å påverke utvikling, validering og implementering av nye analysemetodar.
Seksjonane for hormonanalysar og lege- og rusmiddelanalysar har ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Instrumentparken omfattar 16 LC-MS/MS-instrument, tre LC-QTOF-MS-instrument, eitt GC-FID-instrument og seks moderne robotar for prøvehandtering og prøveopparbeiding.
ArbeidsoppgåverUtvikle, validere, implementere og vidareutvikle analysemetodar
Delta i dagleg laboratoriedrift, inkludert analysearbeid, datavurdering og rapportering
Utarbeide prosedyrar, metodebeskrivingar og valideringsrapportar
Bidra til drift, feilsøking og vedlikehald av instrumentering
Bidra til kvalitetsarbeid, akkreditering og kontinuerleg forbetring
Bidra til fagleg rådgiving, opplæring og kompetanseutvikling i avdelinga
Delta i forskings- og utviklingsprosjekt
Andre relevante oppgåver kan bli lagde til stillinga
KvalifikasjonarMastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde
Erfaring med LC-MS/MS og/eller LC-QTOF-MS
Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel
Gode IT-kunnskapar
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskaparEngasjert og initiativrik, med evne til å arbeide sjølvstendig
Strukturert og nøyaktig, med god fagleg vurderingsevne
Positiv, løysingsorientert og ansvarsmedviten
Gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Trivst med å lære frå deg og er god til å kommunisere
Fagleg trygg, viser tillit og respekt, og verdset samarbeid og kunnskapsdeling
Vi tilbyrEit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan analytisk kjemi, farmakologi og laboratoriemedisin
Løn etter avtale
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Dagstilling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonChralotte Brunstøl, Seksjonsleiar Hormonlaboratoriet, 55974381, charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.no
Christina Ramsnes, Seksjonsleiar seksjon for lege- og rusmiddelanalysar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5203436220
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.