شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Miljøarbeidar - tilkallingsvikar

Rus og psykisk helse

مكان العمل
KVAM، ØYSTESE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
25‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Me søkjer engasjerte miljøarbeidarar til tilkallingsvikariat i nyoppretta avdeling i avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.  Stillingane som tilkallingsvikar inneber arbeid på dagtid, kveld og helg. Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.   Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid. ArbeidsoppgåverOppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø Leggja til rette for meistring og god livskvalitet Planleggja og gjennomføra aktivitetar Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg   Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskaparEvne til å byggja gode relasjonar Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte Gode samarbeidsevner Arbeider godt sjølvstendig og i team Vi tilbyrEi variert og meiningsfull vikarstilling i nyoppretta avdeling Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898 ArbeidsstadRokabrekka 1 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5182347804 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Me søkjer engasjerte miljøarbeidarar til tilkallingsvikariat i nyoppretta avdeling i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.  Stillingane som tilkallingsvikar inneber arbeid på dagtid, kveld og helg. Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.   Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid. ArbeidsoppgåverOppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø Leggja til rette for meistring og god livskvalitet Planleggja og gjennomføra aktivitetar Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg   Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskaparEvne til å byggja gode relasjonar Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte Gode samarbeidsevner Arbeider godt sjølvstendig og i team Vi tilbyrEi variert og meiningsfull vikarstilling i nyoppretta avdeling Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898 ArbeidsstadRokabrekka 1 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5182347804 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.