Miljøarbeidar - tilkallingsvikar
Rus og psykisk helse
- Arbeidssted
- KVAM, ØYSTESE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me søkjer engasjerte miljøarbeidarar til tilkallingsvikariat i nyoppretta avdeling i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.
Stillingane som tilkallingsvikar inneber arbeid på dagtid, kveld og helg.
Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.
ArbeidsoppgåverOppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø
Leggja til rette for meistring og god livskvalitet
Planleggja og gjennomføra aktivitetar
Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring
Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon
Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparEvne til å byggja gode relasjonar
Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
Gode samarbeidsevner
Arbeider godt sjølvstendig og i team
Vi tilbyrEi variert og meiningsfull vikarstilling i nyoppretta avdeling
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898
ArbeidsstadRokabrekka 1
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5182347804
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.