Nye Nyhagen
Voss herad Nyhagen
- مكان العمل
- VOSS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du bidra til meistring, aktivitet og ekte arbeidsglede?
Då kan dette vera stillinga for deg!
Nyhagen aktivitetssenter tilbyr eit meiningsfylt dagtilbod til personar med ulike funksjonsvariasjoner. No har me flytta inn i nye, flotte lokale på Vetleflaten, og er i full utvikling med å skapa eit endå meir variert og spennande aktivitets- og arbeidstilbod. Hjå oss får du vera med å forma ein meiningsfull kvardag til deltakarane våre, gjennom aktivitet, meistring, fellesskap og gode opplevingar. Me ynskjer oss ein medarbeidar som ser moglegheitar, tek initiativ og som vil vera med å vidareutvikla tilbodet vårt.
Me søkjer
Miljørettleiar i 80 % stilling frå 15.02.2027
Arbeidstid på dagtid, måndag til fredag
Arbeidsoppgåver
Bistå og rettleia deltakarar i daglege aktivitetar ved dagsenteret
Planleggja, gjennomføra og vidareutvikla aktivitetar med utgangspunkt i deltakarane sine interesser, ressursar og behov
Nytta ASK som kommunikasjonsverktøy
Dokumentere i Aidn journalsystem (opplæring vert gitt)
Skapa tryggleik, struktur og gode relasjonar
Vera ein tydeleg og trygg rollemodell og støtte for deltakarane
Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, idrett eller fysisk aktivitet m.m).
Fagbrev innanfor helse- og sosialfag kan verta vurdert.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ser etter deg som
Er kreativ, initiativrik og likar å tenkja nytt
Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
Ser ressursane og moglegheitane til den einskilde
Arbeider sjøvstendig, tek ansvar og får oppgåver gjennomførte
Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Er trygg, strukturert og målretta
Er fleksibel og løysningsorientert
Ynskjer fagleg utvikling og er open for å læra nye metodar
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.
Me tilbyr
ein meiningsfull arbeidskvardag der du får bidra til meistring og utvikling
moglegheit til å påverka og vidareutvikla aktivitetstilbodet
gode vilkår for fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
yrkesskade- og gruppelivsforsikring
gode pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Rekrutteringstillegg på kr 16 000,- for nytilsett vernepleiar
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.