Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Nye Nyhagen

Voss herad Nyhagen

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
11. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bidra til meistring, aktivitet og ekte arbeidsglede? Då kan dette vera stillinga for deg! Nyhagen aktivitetssenter tilbyr eit meiningsfylt dagtilbod til personar med ulike funksjonsvariasjoner. No har me flytta inn i nye, flotte lokale på Vetleflaten, og er i full utvikling med å skapa eit endå meir variert og spennande aktivitets- og arbeidstilbod. Hjå oss får du vera med å forma ein meiningsfull kvardag til deltakarane våre, gjennom aktivitet, meistring, fellesskap og gode opplevingar. Me ynskjer oss ein medarbeidar som ser moglegheitar, tek initiativ og som vil vera med å vidareutvikla tilbodet vårt.  Me søkjer Miljørettleiar i 80 % stilling frå 15.02.2027 Arbeidstid på dagtid, måndag til fredag Arbeidsoppgåver Bistå og rettleia deltakarar i daglege aktivitetar ved dagsenteret Planleggja, gjennomføra og vidareutvikla aktivitetar med utgangspunkt i deltakarane sine interesser, ressursar og behov Nytta ASK som kommunikasjonsverktøy Dokumentere i Aidn journalsystem (opplæring vert gitt) Skapa tryggleik, struktur og gode relasjonar Vera ein tydeleg og trygg rollemodell og støtte for deltakarane Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, idrett eller fysisk aktivitet m.m). Fagbrev innanfor helse- og sosialfag kan verta vurdert. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Me ser etter deg som Er kreativ, initiativrik og likar å tenkja nytt Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad Ser ressursane og moglegheitane til den einskilde Arbeider sjøvstendig, tek ansvar og får oppgåver gjennomførte Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Er trygg, strukturert og målretta Er fleksibel og løysningsorientert Ynskjer fagleg utvikling og er open for å læra nye metodar Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.  Me tilbyr ein meiningsfull arbeidskvardag der du får bidra til meistring og utvikling moglegheit til å påverka og vidareutvikla aktivitetstilbodet gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø yrkesskade- og gruppelivsforsikring gode pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Rekrutteringstillegg på kr 16 000,- for nytilsett vernepleiar Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.  Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.