شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Barne- og ungdomsarbeidar i Selje

Selje barnehage, Stad kommune

مكان العمل
STAD، SELJE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
06‏/12‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027.  Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette. Hos oss får du vere med i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald. Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverBidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeide med øvrige tilsette KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte Personlege eigenskaparDu har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe Du er initiativrik og kan jobbe både sjølvstendig og i felleskap med dine kollegaer Du er fleksibel og løysingsorientert Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Godt og nært fagleg samarbeid med dyktige kollegaer Løn etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon? Kontakt gjerne styrar Heidi Løvold, tlf 97 99 04 36.  KontaktinformasjonHeidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@Stad.kommune.no ArbeidsStad 6740 Selje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5208551343 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
النص الأصلي للإعلان
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027.  Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette. Hos oss får du vere med i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald. Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverBidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeide med øvrige tilsette KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte Personlege eigenskaparDu har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe Du er initiativrik og kan jobbe både sjølvstendig og i felleskap med dine kollegaer Du er fleksibel og løysingsorientert Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Godt og nært fagleg samarbeid med dyktige kollegaer Løn etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon? Kontakt gjerne styrar Heidi Løvold, tlf 97 99 04 36.  KontaktinformasjonHeidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5208551343 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.