Barne- og ungdomsarbeidar i Selje
Selje barnehage, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, SELJE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027.
Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.
Hos oss får du vere med i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverBidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
Samarbeide med øvrige tilsette
KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte
Personlege eigenskaparDu har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna
Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe
Du er initiativrik og kan jobbe både sjølvstendig og i felleskap med dine kollegaer
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna
Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer
Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo
Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Godt og nært fagleg samarbeid med dyktige kollegaer
Løn etter gjeldande avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon? Kontakt gjerne styrar Heidi Løvold, tlf 97 99 04 36.
KontaktinformasjonHeidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5208551343
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.