Fagarbeidar/assistent med ukrainskspråkleg kompetanse
Møre og Romsdal fylkeskommune, Surnadal vgs [surnadal]
- مكان العمل
- SURNADAL، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- عقد مؤقت
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Surnadal vgs søkjar tospråkleg fagarbeidar/assistent i 89% prosjektstilling med urkainskspråkleg kompetanse skoleåret 26-27 og 27-28. Arbeidstiden følger pr. tiden skoleruten.
Vil du bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar lykkast i overgangen frå skole til arbeidsliv? Stillinga er knytt til eit toårig prosjekt, «Tospråkleg fagopplæring for betre overgang til læreplass i bygg- og anleggsteknikk», der målet er å styrke oppfølginga av minoritetsspråklege elevar gjennom heile opplæringsløpet. Prosjektet skal bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar fullfører vidaregåande opplæring og får læreplass.
Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole. Skolen ligg i Surnadal kommune på Indre Nordmøre og har omlag 200 elevar og 40 tilsette. Skolen har 5 utdanningsprogram:
Helse- og oppvekstfag
Elektro og datateknologi
Teknologi- og industrifag
Bygg- og anleggsteknikk
Studiespesialisering
ArbeidsoppgåverFølgje opp minoritetsspråklege elevar i opplæringa, fortrinnsvis på bygg- og anleggsteknikk.
Gi språkstøtte knytt til opplæringa.
Vere bindeledd mellom elev, skole, heim og bedrift.
Følgje opp elevar i samband med praksisperiodar i bedrift.
Bidra til kommunikasjon og forståing mellom elevar, skolen og bedrifter.
Støtte elevane i utvikling av fagleg språk og forståing av krav og forventningar i arbeidslivet.
Delta i samarbeid med lærarar, rådgivarar og næringsliv.
Medverke til utvikling og utprøving av nye arbeidsmåtar for språkstøtte i fagopplæringa.
KvalifikasjonarGode munnlege og skriftlege ferdigheiter i ukrainsk og norsk.
Det er ønskjeleg at søkjar har fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk eller anna relevant yrkesfagleg utdanning, men vi oppfordrar også andre til å søkje.
Erfaring frå arbeid med ungdom, opplæring eller rettleiing er ein fordel.
Kjennskap til norsk arbeidsliv og læreordninga er ein fordel.
Relevant yrkesfagleg bakgrunn er ein fordel.
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som:
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er trygg i møte med ungdom
er sjølvstendig og strukturert
har evne til å bygge gode relasjonar
er løysingsorientert og fleksibel
har tru på at alle elevar kan lykkast med rett støtte
Vi tilbyr
Ei meiningsfull stilling som bidreg til inkludering og gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
Moglegheit til å vere med på å utvikle ein ny modell for språkstøtte i fagopplæringa.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
KontaktinformasjonHilde Andersen, Rektor, +47 99637279
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5181757466
Stillingsprosent: 89%
Engasjement
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 30.06.2028
Søknadsfrist: 11.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.