Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidar/assistent med ukrainskspråkleg kompetanse

Møre og Romsdal fylkeskommune, Surnadal vgs [surnadal]

Arbeidssted
SURNADAL, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
11. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Surnadal vgs søkjar tospråkleg fagarbeidar/assistent i 89% prosjektstilling med urkainskspråkleg kompetanse skoleåret 26-27 og 27-28. Arbeidstiden følger pr. tiden skoleruten. Vil du bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar lykkast i overgangen frå skole til arbeidsliv? Stillinga er knytt til eit toårig prosjekt, «Tospråkleg fagopplæring for betre overgang til læreplass i bygg- og anleggsteknikk», der målet er å styrke oppfølginga av minoritetsspråklege elevar gjennom heile opplæringsløpet. Prosjektet skal bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar fullfører vidaregåande opplæring og får læreplass. Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole. Skolen ligg i Surnadal kommune på Indre Nordmøre og har omlag 200 elevar og 40 tilsette. Skolen har 5 utdanningsprogram: Helse- og oppvekstfag Elektro og datateknologi Teknologi- og industrifag Bygg- og anleggsteknikk Studiespesialisering ArbeidsoppgåverFølgje opp minoritetsspråklege elevar i opplæringa, fortrinnsvis på bygg- og anleggsteknikk. Gi språkstøtte knytt til opplæringa. Vere bindeledd mellom elev, skole, heim og bedrift. Følgje opp elevar i samband med praksisperiodar i bedrift. Bidra til kommunikasjon og forståing mellom elevar, skolen og bedrifter. Støtte elevane i utvikling av fagleg språk og forståing av krav og forventningar i arbeidslivet. Delta i samarbeid med lærarar, rådgivarar og næringsliv. Medverke til utvikling og utprøving av nye arbeidsmåtar for språkstøtte i fagopplæringa. KvalifikasjonarGode munnlege og skriftlege ferdigheiter i ukrainsk og norsk. Det er ønskjeleg at søkjar har fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk eller anna relevant yrkesfagleg utdanning, men vi oppfordrar også andre til å søkje. Erfaring frå arbeid med ungdom, opplæring eller rettleiing er ein fordel. Kjennskap til norsk arbeidsliv og læreordninga er ein fordel. Relevant yrkesfagleg bakgrunn er ein fordel. Personlege eigenskaparVi søkjer deg som: har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er trygg i møte med ungdom er sjølvstendig og strukturert har evne til å bygge gode relasjonar er løysingsorientert og fleksibel har tru på at alle elevar kan lykkast med rett støtte Vi tilbyr Ei meiningsfull stilling som bidreg til inkludering og gjennomføring i vidaregåande opplæring. Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø. Moglegheit til å vere med på å utvikle ein ny modell for språkstøtte i fagopplæringa. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.             KontaktinformasjonHilde Andersen, Rektor, +47 99637279 Arbeidsstad   Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5181757466 Stillingsprosent: 89% Engasjement Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 30.06.2028 Søknadsfrist: 11.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.