Spesialergoterapeut
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 04/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold.
Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene.
ArbeidsoppgåverVurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon
Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
Rettleiing av pasientar med vanskar knytt til aktivitetsregulering
Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1. linjetenesta
Rettleiing / undervisning av pasient, pårørande, studentar og anna helsepersonell
Deltaking i fagleg utviklingsarbeid og tenesteutvikling
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som ergoterapeut
Relevant vidareutdanning, gjerne på masternivå
Erfaring frå spesialisthelsetenesta
Erfaring frå rehabilitering etter hjerneslag og ms
Erfaring frå arbeid med aktivitetsregulering er ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskaparDu har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
Du er positiv, fleksibel og endringsvillig
Du er opptatt av å utvikle faget, pasienttilbodet og tenestetilbodet
Du har ønskje om eigen fagleg utvikling, og tar initiativ til opplæring og utvikling
Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyrAktivt og triveleg arbeidsmiljø
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Høgt fagleg nivå
Moglegheit for fagleg utvikling
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSilje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279
Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5180988268
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026
النص الأصلي للإعلان

Erfaring frå rehabilitering etter hjerneslag og MS

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.