Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Spesialergoterapeut 

Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold. Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av  ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene. ArbeidsoppgåverVurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening Rettleiing av pasientar med vanskar knytt til aktivitetsregulering Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1. linjetenesta Rettleiing / undervisning av pasient, pårørande, studentar og anna helsepersonell Deltaking i fagleg utviklingsarbeid og tenesteutvikling KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som ergoterapeut Relevant vidareutdanning, gjerne på masternivå Erfaring frå spesialisthelsetenesta Erfaring frå rehabilitering etter hjerneslag og MS Erfaring frå arbeid med aktivitetsregulering er ein fordel God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaparDu har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig Du er positiv, fleksibel og endringsvillig Du er opptatt av å utvikle faget, pasienttilbodet og tenestetilbodet Du har ønskje om eigen fagleg utvikling, og tar initiativ til opplæring og utvikling Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er personleg skikka til stillinga Vi tilbyrAktivt og triveleg arbeidsmiljø Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Høgt fagleg nivå Moglegheit for fagleg utvikling Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSilje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279 Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5180988268 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.