شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Guide i Skipshelleren

Vaksdal kommune

مكان العمل
VAKSDAL، DALEKVAM، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
15‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Om stillingaStillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane. Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet. Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt. ArbeidsoppgåverTa i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen. Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte. Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte. KvalifikasjonskravØnskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring.  Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert.  God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk.  Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer. Krav om politiattest. Personlege eigenskaparEr oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge.  Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar.  Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vaksdal Kommune kan tilbyGode pensjons- og forsikringsordningar  Individuell oppfølging  Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.