Guide i Skipshelleren
Vaksdal kommune
- Arbeidssted
- VAKSDAL, DALEKVAM, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaStillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane.
Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet.
Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt.
ArbeidsoppgåverTa i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen.
Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte.
Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte.
KvalifikasjonskravØnskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring.
Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk.
Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer.
Krav om politiattest.
Personlege eigenskaparEr oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge.
Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar.
Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilbyGode pensjons- og forsikringsordningar
Individuell oppfølging
Gode moglegheitar for støtte til utdanning
Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.