شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du vere med og gjere ein forskjell?

Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

مكان العمل
SULDAL، SAND، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
30‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Saman skaper me gode dagar i Suldal bu-  og aktivitet  Me søkjer etter ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar til eit 100 % vikariat frå snarast og til 31.07.2027.  Me ønskjer primært å tilsetje vernepleiar/sjukepleiar, men oppmodar også helsefagarbeidarar til å søkje.  Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø som kvar dag arbeider for å skape trivsel, meistring og gode opplevingar for menneske med behov for støtte og oppfølging i kvardagen. Me legg vekt på brukarmedverknad, relasjonsbygging og ei aktiv tilnærming til kvardagsmeistring.  Arbeidsoppgåver  Målretta miljøarbeid og oppfølging av tenestemottakarar  Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak  Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faginstansar  Dokumentasjon og fagleg oppfølging  Bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar i kvardagen  Me ser etter deg som  Er vernepleiar med norsk autorisasjon, eller har annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning  Er fagleg engasjert og utviklingsorientert  Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre  Er sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert  Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø  Me tilbyr  Ei meiningsfull og variert stilling  Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer  Moglegheit til å vere med og utvikle tenestene  Fagleg støtte og rettleiing  Løn etter gjeldande avtaleverk  Vil du vere med og skape gode dagar saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg! For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet.  Anne Egebjerg - einingsleiar, tel. 91157290  Karoline H Nordmark - avdelingsleiar, tel. 45297073 Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.