Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
- Arbeidssted
- SULDAL, SAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Saman skaper me gode dagar i Suldal bu- og aktivitet
Me søkjer etter ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar til eit 100 % vikariat frå snarast og til 31.07.2027.
Me ønskjer primært å tilsetje vernepleiar/sjukepleiar, men oppmodar også helsefagarbeidarar til å søkje.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø som kvar dag arbeider for å skape trivsel, meistring og gode opplevingar for menneske med behov for støtte og oppfølging i kvardagen. Me legg vekt på brukarmedverknad, relasjonsbygging og ei aktiv tilnærming til kvardagsmeistring.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid og oppfølging av tenestemottakarar
Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faginstansar
Dokumentasjon og fagleg oppfølging
Bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar i kvardagen
Me ser etter deg som
Er vernepleiar med norsk autorisasjon, eller har annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning
Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre
Er sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Me tilbyr
Ei meiningsfull og variert stilling
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Moglegheit til å vere med og utvikle tenestene
Fagleg støtte og rettleiing
Løn etter gjeldande avtaleverk
Vil du vere med og skape gode dagar saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg!
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet.
Anne Egebjerg - einingsleiar, tel. 91157290
Karoline H Nordmark - avdelingsleiar, tel. 45297073
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.