Pleiemedarbeidar - deltidstillingar på helg
Austevoll kommune
- مكان العمل
- AUSTEVOLL، STOREBØ، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 20/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, nav, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Austevoll kommune har to ledige helgestillingar som pleiemedarbeidar ved spesialavdelingane på Austevoll pleie- og omsorgssenter. Ein i 13,31% og ein i 18,79%.
Har du ledig tid i helgane og ønskjer verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg. Stillingane inngår i turnus med arbeid om lag kvar tredje helg.
På Austevoll pleie- og omsorgssenter blir du ein del av eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar. Vi har fokus på samarbeid, læring og trivsel, og ønskjer at alle skal oppleve meistring og arbeidsglede i kvardagen.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Bidra til å skape ein trygg og triveleg kvardag for bebuarane
Hjelpe til med pleie- og omsorgsoppgåver etter opplæring
Assistere bebuarar i daglege aktivitetar og måltid
Delta i miljøskapande aktivitetar og sosialt samvær
Bidra til orden og trivsel i avdelinga
Samarbeide med kollegaer og andre faggrupper
Utføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav:
Du er fylt 18 år
Du kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Interesse for arbeid innan helse og omsorg
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar:
Du er omsorgsfull og viser respekt for andre menneske
Du er positiv og engasjert
Du er ansvarsbevisst og påliteleg
Du trivst med å samarbeide med andre
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du er fleksibel og lærevillig
Vi tilbyr
Ei meiningsfull og lærerik helgestilling
Verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg
God opplæring og tett rettleiing frå erfarne kollegaer
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Moglegheit for ekstravakter ved behov
Løn etter gjeldande tariffavtale
Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
النص الأصلي للإعلان
Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Austevoll kommune har to ledige helgestillingar som pleiemedarbeidar ved spesialavdelingane på Austevoll pleie- og omsorgssenter. Ein i 13,31% og ein i 18,79%.
Har du ledig tid i helgane og ønskjer verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg. Stillingane inngår i turnus med arbeid om lag kvar tredje helg.
På Austevoll pleie- og omsorgssenter blir du ein del av eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar. Vi har fokus på samarbeid, læring og trivsel, og ønskjer at alle skal oppleve meistring og arbeidsglede i kvardagen.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Bidra til å skape ein trygg og triveleg kvardag for bebuarane
Hjelpe til med pleie- og omsorgsoppgåver etter opplæring
Assistere bebuarar i daglege aktivitetar og måltid
Delta i miljøskapande aktivitetar og sosialt samvær
Bidra til orden og trivsel i avdelinga
Samarbeide med kollegaer og andre faggrupper
Utføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav:
Du er fylt 18 år
Du kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Interesse for arbeid innan helse og omsorg
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar:
Du er omsorgsfull og viser respekt for andre menneske
Du er positiv og engasjert
Du er ansvarsbevisst og påliteleg
Du trivst med å samarbeide med andre
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du er fleksibel og lærevillig
Vi tilbyr
Ei meiningsfull og lærerik helgestilling
Verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg
God opplæring og tett rettleiing frå erfarne kollegaer
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Moglegheit for ekstravakter ved behov
Løn etter gjeldande tariffavtale
Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.