Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pleiemedarbeidar  - deltidstillingar på helg 

Austevoll kommune

Arbeidssted
AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. Om stillinga  Austevoll kommune har to ledige helgestillingar som pleiemedarbeidar ved spesialavdelingane på Austevoll pleie- og omsorgssenter. Ein i 13,31% og ein i 18,79%.   Har du ledig tid i helgane og ønskjer verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg. Stillingane inngår i turnus med arbeid om lag kvar tredje helg. På Austevoll pleie- og omsorgssenter blir du ein del av eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar. Vi har fokus på samarbeid, læring og trivsel, og ønskjer at alle skal oppleve meistring og arbeidsglede i kvardagen. Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.  Ansvar og arbeidsoppgåver  Bidra til å skape ein trygg og triveleg kvardag for bebuarane Hjelpe til med pleie- og omsorgsoppgåver etter opplæring Assistere bebuarar i daglege aktivitetar og måltid Delta i miljøskapande aktivitetar og sosialt samvær Bidra til orden og trivsel i avdelinga Samarbeide med kollegaer og andre faggrupper Utføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav: Du er fylt 18 år Du kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg Interesse for arbeid innan helse og omsorg Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav Opplæring vil bli gitt Personlege eigenskapar: Du er omsorgsfull og viser respekt for andre menneske Du er positiv og engasjert Du er ansvarsbevisst og påliteleg Du trivst med å samarbeide med andre Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel og lærevillig Vi tilbyr  Ei meiningsfull og lærerik helgestilling Verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg God opplæring og tett rettleiing frå erfarne kollegaer Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Moglegheit for ekstravakter ved behov Løn etter gjeldande tariffavtale Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.