Fast stilling i rus- og psykisk helseteneste
Psykisk helse, Vestre Slidre kommune
- مكان العمل
- VESTRE SLIDRE، SLIDRE، INNLANDET
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 05/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vestre Slidre kommune har ledig fast 80% stilling i psykisk helse- og rusteneste
Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg!
I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fire tilsette i til saman 3,7 årsverk.
Stillinga er ledig frå 01.07.2027. Dersom det skjer endringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellom arbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta.
Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, moglegheiter til fagleg utvikling og høve til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverKlinisk arbeid med kartlegging, vurdering og behandling av enkeltpersonar
Fylle rolla som barne- og ungdomslos med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn
Støtte og rettleiing til barn, unge og familiar i samarbeid med skule, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar
Oppfølging av vaksne personar med psykiske lidingar og/eller utfordringar knytte til rus
Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen
Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt
Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter
Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya
Kvalifikasjonar3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant utdanning (t.d. helsefagarbeidar)
Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg, men ikkje eit krav
Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd.
Førarkort klasse B
Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskaparMå trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne
Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper
Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving
Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling
Vi tilbyrGode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog
Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid
Gode pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
KontaktinformasjonMelanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, Melanie.Degen@vestre-slidre.kommune.no
ArbeidsstadSlidrevegen 16
2966 Slidre
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5198900174
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.