Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fast stilling i rus- og psykisk helseteneste

Psykisk helse, Vestre Slidre kommune

Arbeidssted
VESTRE SLIDRE, SLIDRE, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
5. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vestre Slidre kommune har ledig fast 80% stilling i psykisk helse- og rusteneste   Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg!  I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fire tilsette i til saman 3,7 årsverk.   Stillinga er ledig frå 01.07.2027. Dersom det skjer endringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellom arbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta.  Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, moglegheiter til fagleg utvikling og høve til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!  ArbeidsoppgåverKlinisk arbeid med kartlegging, vurdering og behandling av enkeltpersonar  Fylle rolla som barne- og ungdomslos med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn  Støtte og rettleiing til barn, unge og familiar i samarbeid med skule, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar  Oppfølging av vaksne personar med psykiske lidingar og/eller utfordringar knytte til rus  Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen  Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt  Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar  Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter  Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya  Kvalifikasjonar3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant utdanning (t.d. helsefagarbeidar)  Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg, men ikkje eit krav Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd.  Førarkort klasse B  Personleg egnaheit vil bli vektlagt   Personlege eigenskaparMå trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ  Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere  Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne  Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø  God munnleg og skriftleg framstillingsevne  Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper  Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving  Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling  Vi tilbyrGode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting  Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid  Gode pensjonsordningar  Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar  KontaktinformasjonMelanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, Melanie.Degen@vestre-slidre.kommune.no ArbeidsstadSlidrevegen 16 2966 Slidre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5198900174 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 05.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.