Avdelingsleiar ATO Lye skule
Lye skule, Time kommune
- مكان العمل
- TIME، LYE، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 25/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Lye skule søker avdelingsleiar i 100% stilling til ATO-avdelinga som er planlagt å starta opp hausten 2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av 50% leiing og 50% undervisning.
Lye skule har omtrent 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har ei flott plassering i eit nærmiljø som er godt eigna for turar og uteskule. Visjonen vår er: "Lye skule, ein god stad å vera og ein god stad å læra".
OrganisATOrisk høyrer vi til i Timeskulen. Me er også med i leiarnettverket i Jærskulen saman med skulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal.
Avdelingsleiaren skal leie ei avdeling med om lag 20 barn og rundt 25 tilsette med brei fagleg kompetanse innan pedagogikk, undervisning, helse og miljø.
ATO-avdelinga skal gje eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt opplæringstilbod til elevar med omfattande og varige behov for tilrettelegging.
Tilbodet skal bidra til at eleven får ei opplæring som er forsvarleg, meiningsfull og i tråd med prinsippet om barnet sitt beste.
Avdelinga vil delta i regionalt nettverk der tilsvarande skuletilbod i nabokommunane også deltek.
Oppstart: snarast etter 01.01.2027.
ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe saman med rektor og ein avdelingsleiar. Me ønsker ein kollega som ønsker å leia elevane og dei tilsette si læring og utvikling. Stillinga inneber i første omgang ansvar for etablering av ny ATO-avdeling.
Frå hausten 2027 vil stillinga innebera ansvar for den daglege drifta av avdelinga, inkludert administrative oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid.
Som avdleingsleiar for ATO-avdelinga ved Lye skule vil du ha ansvar for:
personalansvar for tilsette i avdelinga
oppfølging av enkeltvedtak
koordinering mot PPT og andre instanser
samarbeid med føresette
bemanningsplanlegging
tverrfagleg samarbeid
HMS-ansvar
Om lag 50 % av stillinga vil vera knytt til undervisning.
KvalifikasjonarGodkjend lærarutdanning. Ønskeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og/eller vidareutdanning innan skuleleiing, eller at dette blir påbegynt innan to år.
God ikt-kompetanse.
Eit reflektert forhold til skulen sin pedagogiske profil
Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og kunna kommunisera presist og profesjonelt i møte med elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar.
Personlege eigenskapar og dokumenterte leiareigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparHar god relasjonskompetanse, og evnar å handtera krevande personal- og elevsaker på ein trygg og profesjonell måte
Arbeider strukturert og sjølvstendig, og tek initiativ til oppgåver som må følgast opp og gjennomførast
Bidreg konstruktivt i leiargruppa, og er trygg nok til både å støtta og utfordra kollegaer
Er utviklingsorientert og har god innsikt i læreplanarbeid, skuleutvikling og organisasjonsutvikling
Kommuniserer klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg
Ønsker å delta aktivt i nettverksgrupper i Time kommune og på tvers av kommunane i Jærskulen
Vi tilbyrEin etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet
Ei engasjert leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ
Leiaransvar for dyktige medarbeidarar med stort engasjement og høg gjennomføringsevne
Tett samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling
Lønn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Gratis parkering og moglegheiter for kollektivtransport
Det må visast politiattest før ein tiltrer i stillinga
KontaktinformasjonSigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, +47 99046933
ArbeidsstadKvartsvegen 5B
4347 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5187759210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Lye skule søker avdelingsleiar i 100% stilling til ATO-avdelinga som er planlagt å starta opp hausten 2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av 50% leiing og 50% undervisning.
Lye skule har omtrent 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har ei flott plassering i eit nærmiljø som er godt eigna for turar og uteskule. Visjonen vår er: "Lye skule, ein god stad å vera og ein god stad å læra".
Organisatorisk høyrer vi til i Timeskulen. Me er også med i leiarnettverket i Jærskulen saman med skulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal.
Avdelingsleiaren skal leie ei avdeling med om lag 20 barn og rundt 25 tilsette med brei fagleg kompetanse innan pedagogikk, undervisning, helse og miljø.
ATO-avdelinga skal gje eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt opplæringstilbod til elevar med omfattande og varige behov for tilrettelegging.
Tilbodet skal bidra til at eleven får ei opplæring som er forsvarleg, meiningsfull og i tråd med prinsippet om barnet sitt beste.
Avdelinga vil delta i regionalt nettverk der tilsvarande skuletilbod i nabokommunane også deltek.
Oppstart: snarast etter 01.01.2027.
ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe saman med rektor og ein avdelingsleiar. Me ønsker ein kollega som ønsker å leia elevane og dei tilsette si læring og utvikling. Stillinga inneber i første omgang ansvar for etablering av ny ATO-avdeling.
Frå hausten 2027 vil stillinga innebera ansvar for den daglege drifta av avdelinga, inkludert administrative oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid.
Som avdleingsleiar for ATO-avdelinga ved Lye skule vil du ha ansvar for:
personalansvar for tilsette i avdelinga
oppfølging av enkeltvedtak
koordinering mot PPT og andre instanser
samarbeid med føresette
bemanningsplanlegging
tverrfagleg samarbeid
HMS-ansvar
Om lag 50 % av stillinga vil vera knytt til undervisning.
KvalifikasjonarGodkjend lærarutdanning. Ønskeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og/eller vidareutdanning innan skuleleiing, eller at dette blir påbegynt innan to år.
God IKT-kompetanse.
Eit reflektert forhold til skulen sin pedagogiske profil
Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og kunna kommunisera presist og profesjonelt i møte med elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar.
Personlege eigenskapar og dokumenterte leiareigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparHar god relasjonskompetanse, og evnar å handtera krevande personal- og elevsaker på ein trygg og profesjonell måte
Arbeider strukturert og sjølvstendig, og tek initiativ til oppgåver som må følgast opp og gjennomførast
Bidreg konstruktivt i leiargruppa, og er trygg nok til både å støtta og utfordra kollegaer
Er utviklingsorientert og har god innsikt i læreplanarbeid, skuleutvikling og organisasjonsutvikling
Kommuniserer klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg
Ønsker å delta aktivt i nettverksgrupper i Time kommune og på tvers av kommunane i Jærskulen
Vi tilbyrEin etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet
Ei engasjert leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ
Leiaransvar for dyktige medarbeidarar med stort engasjement og høg gjennomføringsevne
Tett samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling
Lønn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Gratis parkering og moglegheiter for kollektivtransport
Det må visast politiattest før ein tiltrer i stillinga
KontaktinformasjonSigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, +47 99046933
ArbeidsstadKvartsvegen 5B
4347 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5187759210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.