Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleiar ATO Lye skule

Lye skule, Time kommune

Arbeidssted
TIME, LYE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Lye skule søker avdelingsleiar i 100% stilling til ATO-avdelinga som er planlagt å starta opp hausten 2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av 50% leiing og 50% undervisning.  Lye skule har  omtrent 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har ei flott plassering i eit nærmiljø som er godt eigna for turar og uteskule. Visjonen vår er: "Lye skule, ein god stad å vera og ein god stad å læra".  Organisatorisk høyrer vi til i Timeskulen. Me er også med i leiarnettverket i Jærskulen saman med skulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal.  Avdelingsleiaren skal leie ei avdeling med om lag 20 barn og rundt 25 tilsette med brei fagleg kompetanse innan pedagogikk, undervisning, helse og miljø. ATO-avdelinga skal gje eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt opplæringstilbod til elevar med omfattande og varige behov for tilrettelegging.  Tilbodet skal bidra til at eleven får ei opplæring som er forsvarleg, meiningsfull og i tråd med prinsippet om barnet sitt beste. Avdelinga vil delta i regionalt nettverk der tilsvarande skuletilbod i nabokommunane også deltek.  Oppstart: snarast etter 01.01.2027.   ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe saman med rektor og ein avdelingsleiar. Me ønsker ein kollega som ønsker å leia elevane og dei tilsette si læring og utvikling. Stillinga inneber i første omgang ansvar for etablering av ny ATO-avdeling.    Frå hausten 2027 vil stillinga innebera ansvar for den daglege drifta av avdelinga, inkludert administrative oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid. Som avdleingsleiar for ATO-avdelinga ved Lye skule vil du ha ansvar for: personalansvar for tilsette i avdelinga oppfølging av enkeltvedtak koordinering mot PPT og andre instanser samarbeid med føresette bemanningsplanlegging tverrfagleg samarbeid HMS-ansvar Om lag 50 % av stillinga vil vera knytt til undervisning. KvalifikasjonarGodkjend lærarutdanning. Ønskeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og/eller vidareutdanning innan skuleleiing, eller at dette blir påbegynt innan to år. God IKT-kompetanse. Eit reflektert forhold til skulen sin pedagogiske profil   Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og kunna kommunisera presist og profesjonelt i møte med elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar. Personlege eigenskapar og dokumenterte leiareigenskapar vil bli tillagt stor vekt.    Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskaparHar god relasjonskompetanse, og evnar å handtera krevande personal- og elevsaker på ein trygg og profesjonell måte  Arbeider strukturert og sjølvstendig, og tek initiativ til oppgåver som må følgast opp og gjennomførast  Bidreg konstruktivt i leiargruppa, og er trygg nok til både å støtta og utfordra kollegaer  Er utviklingsorientert og har god innsikt i læreplanarbeid, skuleutvikling og organisasjonsutvikling  Kommuniserer klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg  Ønsker å delta aktivt i nettverksgrupper i Time kommune og på tvers av kommunane i Jærskulen  Vi tilbyrEin etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet   Ei engasjert leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ   Leiaransvar for dyktige medarbeidarar med stort engasjement og høg gjennomføringsevne   Tett samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling   Lønn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar   Gratis parkering og moglegheiter for kollektivtransport   Det må visast politiattest før ein tiltrer i stillinga  KontaktinformasjonSigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, +47 99046933 ArbeidsstadKvartsvegen 5B 4347 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5187759210 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.