شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Fysioterapeut- 80% fast stilling

Øystre Slidre kommune

مكان العمل
ØYSTRE SLIDRE، HEGGENES، INNLANDET
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
30‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge. Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår. Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset. Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper. Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a. ArbeidsoppgåverOppfølging av barn og unge ved helsestasjon, skule og barnehage  Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar  Bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet  Fysikalsk behandling og målretta rehabilitering i brukaren sin heim ved behov  Kurativ behandling av enkeltpersonar og leiing av gruppebasert trening for vaksne og eldre ved Helsetunet  Vere koordinator for barn med samansette behov  Samarbeide med ergoterapeut om formidling av hjelpemiddel KvalifikasjonarBachelorgrad i fysioterapi Norsk autorisasjon som fysioterapeut Det er ønskjeleg med etter- og/eller vidareutdanning innan fysioterapi for barn og unge Erfaring som instruktør for styrke- og balansegupper er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne Førarkort og tilgang til eigen bil Personlege eigenskaparDu er positiv, motivert og engasjert Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne Du er ansvarsmedviten, initiativrik og har ei positiv haldning til tverrfagleg samarbeid Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a. Vi tilbyrEi utfordrande stilling i ein kommune i utvikling  Gode pensjons- og forsikringsordningar  Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar  Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling KontaktinformasjonGina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5207598019 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 30.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.