Fysioterapeut- 80% fast stilling
Øystre Slidre kommune
- Arbeidssted
- ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge.
Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår.
Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset.
Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.
Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper.
Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.
ArbeidsoppgåverOppfølging av barn og unge ved helsestasjon, skule og barnehage
Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet
Fysikalsk behandling og målretta rehabilitering i brukaren sin heim ved behov
Kurativ behandling av enkeltpersonar og leiing av gruppebasert trening for vaksne og eldre ved Helsetunet
Vere koordinator for barn med samansette behov
Samarbeide med ergoterapeut om formidling av hjelpemiddel
KvalifikasjonarBachelorgrad i fysioterapi
Norsk autorisasjon som fysioterapeut
Det er ønskjeleg med etter- og/eller vidareutdanning innan fysioterapi for barn og unge
Erfaring som instruktør for styrke- og balansegupper er ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Førarkort og tilgang til eigen bil
Personlege eigenskaparDu er positiv, motivert og engasjert
Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre
Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
Du er ansvarsmedviten, initiativrik og har ei positiv haldning til tverrfagleg samarbeid
Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.
Vi tilbyrEi utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar
Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling
KontaktinformasjonGina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5207598019
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.